tirsdag, desember 18, 2007

Adventstid

I går kveld var vi på førjulsfest på Folkestad skule,der tre av barnebarna går. Det er nemleg ein kombinert barne-og ungdomsskule. Passelig stor/ liten så alle borna og foreldra kjenner kvarandre. Vi var i lag med dei andre besteforeldra som kom frå Volda.Der var ein god del program. Alle fekk vere med, meir eller mindre. "Våre" hevda seg bra. Ingeborg var programleiar i lag med ein gut, Eirik song solo, og dansa hip-hop i lag med nokre andre nissegutar. Og så hadde Ingeborg koreografert ein dans som ho og Amanda dansa! Dei skulle forestille å vere englar; Ingeborg var kledd i sølv frå topp til tå og Amanda var i kvitt. Vi tykte dei var VELDIG flinke, men vi er vel ikkje heilt å stole på? Elles brukar eg å hevde at det er lov for besteforeldre å skryte heilt UHEMMA !
Men den som fekk tårene fram i augnekroken var helst ei lita jente som kom frå Filippinane for ikkje lenge sidan. Ho sang ein julesong på engelsk med mange vers heilt åleine, utan musikk til.Ho song fint! Og var så nydelig i lang raud kjole.
Etter programmet var det "mat på far" og kaffi.
Dessutan samla dei inn pengar til ein skule/ barneheim i Afrika som dei har kontakt med.
Ei av lærarane har besøkt prosjektet fleire gonger og går god for at kvar krone kjem fram dit ho skal. Men det er eit nesten håplaust arbeid, for det kjem stadig nye barn som har mist foreldra ----dei er oftast døde av AIDS.
På ein stor skjerm viste dei bilde frå denne barneheimen mens vi drakk kaffi og prata. Vi hadde sikkert godt a å bli minte om at ikkje alle har det så bra som vi.Håper dei fekk inn ein slump pengar slik at også desse barna kan få det bra i jula.
Synest det er bra med slike småprosjekt, der ein har ei viss oversikt over kva som skjer.
Det er synd eg ikkje kan legge inn bilde frå festen.Sat for langt frå scena, så bilda eg tok vart heilt ubrukelige.Kanskje andre har nokre som er betre?

8 kommentarer:

solveig sa...

Det er kjekt når ungar likar å opptre!

Anonym sa...

Einig i det! Eg var på julebord på hotellet her fredag. Der var også Inger Anne, som er rektor på Folkestad no. Vi var kollegaer før.

Anonym sa...

Gløymde å skrive namn under mitt anonyme innlegg. Hilde

Anonym sa...

I dag har eg fått meg magnetarmband som eg skal prøve mot mine reumatiske plager. Det er ganske fint og kostar ca. 1500 kr! Men eg får igjen alt etter 3 mnd viss eg ikkje er fornøgd! Mannen til kontordama vår forhandlar dei. Eg er i utgangspunktet skeptisk, men vil prøve likevel! Hilde

Besta sa...

Finst dei i fotlenker også? Det hadde kanskje vore noko for meg!
Eg er, som du, skeptisk til det meste, men klar til å prøve ALT.Slik er det berre når ein går med kroniske smerter. Håper du får hjelp av armbandet deitt.

Anonym sa...

Your own агtiсle fеatures ргоνen hеlρful tο us.
It’s eхtremеly useful and yοu arе naturаlly very κnоωledgeable in this area.
You havе got οpened my personal еyеs fоr you tο numerous
thοughtѕ about this subjеct matteг together with іntrіguing аnd геliable articles.


my pаge codeine
Also visit my webpage : buy codeine

Anonym sa...

Youг оωn rеport has confiгmed helρful to
us. It’s really hеlpful and you reallу are
clearly really eԁucated іn this region.
You pοssess opened up mу eye for you to varying
views on this particular topiс alοng with intriquing, notable and ѕound contеnt
materiаl.

Heгe iѕ my web-sіte ADIPEX
Also visit my blog post ; ADIPEX

Anonym sa...

Υour own write-uρ proviԁes confirmeԁ necessary to me.
It’ѕ really eԁucationаl anԁ you are natuгally quite well-іnformed in this fіeld.
You get opened our face to bе able to numerous views on this kіnԁ
of matter along with intriguing, notable and solid content material.


Feel free to surf to my ωeb-site: Buy meridia
Also visit my web blog : meridia

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...