Har nettopp høyrt ferdig denne lydboka, som er meisterleg lesen av Kai Remlov.
Har gått forbi den på biblioteket fleire gonger fordi eg syntest tittelen var lite freistande.
Men så gjorde bibliotekaren meg merksam på at forfattaren var den same som har skrive
Engelen på det syvende trinn, og då tok eg den med heim. Det angrar eg ikkje! Boka blir faktisk betre og betre utover,
og eg vil tru at mange lærarar vil kjenne seg att i forfattaren og kanskje lære noko av det han skriv.No skal eg ikkje pådytte nokon mine meiningar-det har eg i alle fall lært av å lese denne boka.
2 kommentarer:
Ta den med til Hareid, så kan eg legge den inn på MP3-en.
Held på å lese Engelen....
olaug: ventar på fiskebilder!
Legg inn en kommentar