tirsdag, oktober 09, 2007

Eg er på jakt...........................

etter eit kosteskaft. Det er lenge sidan eg har brukt slike langkostar som på bildet, her går det berre i mopp!! Men somme gonger er det støv og skit i krokane som eg ikkje får med meg.
Kunne lett teke skurekosten og fiksa det, viss eg berre kunne bøye meg, sitte på kne eller på huk. Men det kan eg altså ikkje. Då kom eg på at før hadde eg eit kosteskaft med ei klype framme der eg kunne feste små skurekostar av ulik stivheit.Har kika rundt på butikkar, men eg trur ikkje dei finst lenger. Har nokon av dykk sett slike? Det gamle kosteskaftet som vi hadde, vart brukt til riveskaft og "forsatsen" vart kasta.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Øystein meiner dei har rikt utval på Byggmix i Ulsteinvik. (Ope til 18)På andre sida av vegen for Lidl.........

Anonym sa...

Det spørs forresten om den klypa framme...........

Besta sa...

Berre det er skurekost med langt skaft, så er det ikkje så farleg om ikkje kosten er utskiftbar. I nødsfall kan vi no prøve å sette skurekosten på det skaftet vi har....

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...