torsdag, desember 07, 2017

Dagbok 2017: 7.desember

Klokka nærmar seg 18.00, ute regnar det og blæs litt. Temperaturen er + 6 grader C, og det har vore mørkt lenge.
I dag har eg gjort lite og ingen ting, mesteparten av tida har eg gått rundt meg sjølv.
I går var Nils veldig slapp og trøytt, men kvikna til utover ettermiddagen og kvelden.
I dag var han enda trøyttare; eg vekte han med mat og medisin klokka 9.00 som vanleg, men han sovna frå alt i hop.
Vi venta at HBO skulle komme og ta blodprøver klokka 11.00, men dei kom litt før. Dei kunne ta prøva på soverommet, men Nils ville opp og det gjekk bra. Men han sovna igjen så snart damene var vekk. Sjukepleiaren ringde meg med det samme dei hadde fått resultatet. Blodprosenten var som før men infeksjonsverdiane hadde auka frå 10-39 på 14 dagar.
No er ikkje dette høge verdiar,(han har hatt verdiar opp i 200 når han har vore sjuk) men så må ein ta høgde for at han går på mykje medisin som kan skjule ein infeksjon. Solfrid ringde etter at ho hadde fått resultatet og ho hadde kontakta fastlegen. Det vart bestemt at dei skal ta ny blodprøve i morgon tidleg, og då vil legen avgjere om det skal settast i gang behandling. Det vil truleg bli på Ørstaheimen i tilfelle.
Nils har sove mykje i dag, men har vore litt meir vaken no på ettermiddagen. Han har ikkje fått i seg særleg mykje mat. Eg reknar med at legen kanskje kjem opp hit i morgon etter arbeidstid. Men eg veit ikkje noko meir før vi får resultatet av nye prøver. Han vil vel sjå om infeksjonsverdiane stig hurtig.
Eg skriv dette her slik at dei som er interessert kan følgje med.

Eg starta dagen med å skrive referat frå møtet i går, og var for så vidt ferdig før dei kom og tok prøver.
Elles har eg rippa alle tre bøkene Solveig kom med, strikka litt, lese aviser og gjort aldri så lite husarbeid.
Mesteparten av tida har eg passa på Nils, tatt temperaturen, gitt han medisin etc. Det var ikkje så kjekt at han blei dårleg no når vi hadde vant oss til at han var relativt bra dei fleste dagane, og infeksjonsverdien har halde seg på 0 sidan han kom heim frå Ørstaheimen den 2.mai. Han har blitt dårlegare i kroppen etter kvart og har store problem med å gå, sjølv med rullator, men han har hatt bra appetitt og vore klar i toppen, så vi har hatt det ganske bra lenge.
Håper dei får bukt med infeksjonen denne gongen også, det er sjette gongen han er "sjuk"-  første gongen han vart innlagt på sjukehuset var på 80-årsdagen i fjor.
No får vi håpe han får god hjelp denne gongen også.

onsdag, desember 06, 2017

Dagbok 2017: 6.desember




Klokka er 20.30, utetemperaturen + 2 grader C og det regnar.
Dagen i dag har ikkje vore heilt vanleg.
Eg var oppe som vanleg og rakk å støvsuge før Nils stod opp.
Han var ikkje i form i dag heller, så etter kvart vurderte vi å ringe til Solfrid. Sidan eg skulle på møte måtte vi sikre oss best mulig, men vi fekk ikkje tak på Solfrid på telefonen.
Vi hadde avtale med Solveig om at ho skulle vere her med Nils og hente meg etter møtet. Torbjørn hadde også bode til å sjå til Nils. Eg dusja og gjorde meg klar i god tid, og bra var det, for då ringde det på døra og det var Solfrid som kom. Eg rekna med at ho hadde sett at vi hadde ringt, men det hadde ho ikkje, så det var heilt tilfeldig at ho kom akkurat i dag. Det er alltid godt å få snakke med henne, ho er liksom mellomledd mellom oss og legen. Eg måtte gå mens ho enno var her, og like etter at Solfrid gjekk kom Solveig. 
Eg hadde det kjekt på møtet, skulle berre ønske at Nils kunne ha vore med, han hadde lyst sjølv også. Det var eit kjekt møte
Vi hadde juletallerken på møtet vårt i dag, og eg kan ikkje hugse sist eg åt så mykje middagsmat.
Solveig henta Marit og meg. Ho hadde handla det eg hadde bede henne om: Mjøl, melk og strikkegarn. Og så hadde ho med seg 3 lydbøker som eg har begynt å rippe.
Nils som har sove både dag og natt i det siste, hadde vore vaken heile tida.
I morgon kjem dei for å ta blodprøver, då sjekkar dei blodprosenten og ev. infeksjonsverdiar. Det er infeksjonsverdiane eg er mest spent på. Nils ser sport på Tv, eg rippar bøker på ei maskin og skriv på ei anna

tirsdag, desember 05, 2017

Dagbok 2017: 5.desember

Klokka er ca. 18.40, utetemperaturen er 0 grader C, det har regna litt i dag også, men det har vore lysare enn i går. Men så blir det også kaldare
Eg kom meg ikkje ut i dag heller, for Nils vart liggande lenge, og fortsette å sove etter at han var oppe. Og eg ville ikkje late han vere heime åleine når han var så dårleg.
Eg kom heller ikkje i gang med noko skikkeleg husarbeid slik situasjonen var. Eg vart gåande på vent.
Først ut på ettermiddagen ville han ha Oxycodone, og då vakna han til live og åt godt. Vi hadde restar i dag også. No håper eg han blir bra utover kvelden.
Når han ikkje likar å ta så mykje medisin, er det fordi han føler seg litt dopa.
Ja, situasjonen er ikkje slik eg skulle ønske, men ein lyt vel vere budd på det meste. Nokre dagar er gode, andre ikkje.
I morgon skal eg på pensjonistmøte, om alt går etter planen, men Solveig kjem innover og er hos Nils imens. Eg har skulka ein del av pliktene mine i laget i haust, men prøver å vareta skivinga i det minste.
I dag har eg fått lese ut krimboka mi, så eg håper døtrene finn nye lydbøker til meg.

Bok nr. 32 -2017: Malstrømmen


 
Et uhyggelig skrik tiltrekker seg oppmerksomheten til to unggutter som leker på svabergene. I vannkanten finner de en mann . lenket fast med hendene i det iskalde vannet.
Ved kysten av Bergland flyter en porselensdukke i land. Ekteparet som finner den, synes den varsler om ufred, men for den nyinnflyttede lensmannsbetjenten Niklas Hultin fortoner dukkefunnet seg som barnemat etter jobben i hovedstaden. Etter hvert sprer uhyggen seg, og en dag blir en kvinne funnet bevisstløs i strandkanten, ikledd lignende kjole som dukken .
Flere tragiske historier flettes elegant sammen i denne intenst spennende kriminalromanen medhandling fra Nord-Norge .

...........................................................................
Frode Granhus sine krimbøker: 

Be en bønn for Sikas

Malstrømmen
Stormen
Djevelanger
Kistemakeren
Forliset.

Eg veit at eg har lese nokre av desse, men ikkje alle. Den første eg las var Stormen, og den var veldig spennande. Elles skriv forfattaren godt, og Nils Johnson les så utruleg bra på "nordnorsk".
Eg er ikkje glad i staute politiromanar som ligg nær opp til røyndommen, eg likar eventyra betre. Og Granhus sine bøker er eventyr. Malstrømmen er ikkje den beste boka hans, og eg har spola tilbake eit utal gongar fordi eg misser fokus. Det kan eg ikkje skulde forfattaren for.

mandag, desember 04, 2017

Dagbok 2017: 4.desember


Klokka er 19.35, utetemperaturen er + 1grad C og det har kome snø eller rettare sagt slaps igjen.
Dagen i dag blei ikkje slik eg hadde planlagt og det har to hovudgrunnar, den eine er at eg vart liggande vaken mykje av natta og verke i v.hofta og foten, så eg var trøytt i dag. Eg har vore bra så lenge at eg nesten hadde gløymt korleis det var, men med mykje stillesitting og fuktig vêr er eg spesielt utsett.
Det andre som skipla planane mine var vêret. Eg hadde nemleg tenkt å gå til Vik i løpet av dagen og handle litt av kvart som dei ikkje har på Kiwi. Og så vart det både glatt og vått.
Men før eg gjer noko anna om dagane, må eg sørge for at Nils får det han skal ha av mat og medisinar. I dag hadde han også bestemt seg for å dusje og vaske håret, Vi greidde å få det til denne gongen også, men det er ei påkjenning for han no når han er så plaga med hofta. Vi kunne fått hjelp frå HBO men då blir vi meir bundne av tid. No kan vi bestemme sjølve når det passar.
Før Nils står opp brukar eg å vere nokså aktiv, men i dag fekk eg ikkje gjort anna enn å fylle den kakebotnen eg laga i går. Eg deler opp kakebotnen og legg krem mellom laga og frys kaka i forma. Når vi skal ete den, er det berre å ha krem på toppen, og kaka held seg frisk og kald i timesvis. Dette har eg gjort mange gonger før, særleg når det har vore tilstellingar der ein skal ha mange kaker. denne gongen skulle eg nytte ut fløte som var nesten ute på dato.
I heile dag har eg hatt kjensla av at det er sundag-kanskje fordi eg har vore så lat?. Her blir ikkje gjort så mykje husarbeid, eller anna arbeid. Hovudoppgåva mi er å sørge for at Nils kan få vere heime, og då må eg legge til rette for det. Og hittil har det gått bra. Vi ser ganske mykje TV, så no saknar eg veldig å ha strikketøy, så eg må komme meg på butikk og få tak i garn.
Onsdag skal eg på pensjonistmøte, då kjem Solveig innover og held Nils med selskap ei stund. Han greier seg fint åleine nokre timar, men eg føler meg meir avslappa når han ikkje er åleine.
No et han middag for andre gong i dag, det vart restar på menyen i dag. Heldigvis får han i seg mat, det har ikkje alltid vore like enkelt.

PS: No har vi snart budd her i Starevegen i 44 år, vi flytta inn i desember. Men før eg vart bufast her, har eg flytta mange gonger. Eg vart fødd og vaks opp på Eid, menn reiste heimanfrå i 1958. Fire ulike stader budde vi i den tida eg var heime. Dei kjekkaste åra var vel frå 1948-53 då vi budde i ei offisersbrakke frå krigens dagar; området vart kalla Sandplassen då, og det heiter det framleis. No driv dei og bygger på denne plassen. Det er om lag der hotellet ligg. Dette bildet er tatt etter at vi flytta opp til sjukehuset, og eg ser at hestestallane til tyskarane står enno-heilt til høgre i bildet.  Der er det hotellet som står no.Der er tre like brakker, vi budde i den eine. Det store kvite huset til venstre i bildet er ungdomshuset Valhall. Der var det kino to gonger i veka, og ein barnebillett kosta 75 øre. 

søndag, desember 03, 2017

Dagbok 2017: 3.desember

Klokka er 20.05, utetemperaturen er + 2 grader C og det regnar. Eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen og henta ved, så det var ikkje så mange dropar som fall på meg.
Vi har hatt ein veldig roleg og stille dag. Ganske late har vi vore også, men det er litt godt å flate ut innimellom.
Eg var oppe til vanleg tid og sørga for medisin og mat til Nils, som vart liggande det meste av føremiddagen. Eg sette ikkje i gang med noko særleg arbeid, men fyrte godt i omnen og sette meg til med lydbok. Det skjer ikkje så ofte.
Då Nils stod opp måtte vi bli enige om middagsmenyen, og han ville gjerne ha fiskegrateng. Då tenkte eg at sidan eg likevel skulle varme opp steikomnen, kunne eg lage ein bløtkakebotn, så kunne den steike mens omnen vart varm. Set alltid sukkerbrød i kald omn -ja, skruar på temperaturen når kaka er inne sjølvsagt.
Då vart det eit fæla rot på kjøkkenet, men det er slik eg jobbar, full fres og fullt kaos, før eg ryddar opp.
Fiskegratengen fall i smak. Nils likar ikkje det same som før, han vil ha mat som er lett å ete og lett å tygge. Men med mykje fisk, egg og melk blir det også næringsrik kost.
Vi vart så mette at vi måtte slappe av og døse litt før vi drakk kaffi.
Klokka 18.30 sette vi på TV for å høyre julesongar etc. men programmet svarte ikkje heilt til forventningane.
No høyrer eg at Nils snakkar i telefonen, men eg veit ikkje med kven. Han har vore i bra form etter middag i dag, han har ikkje vore så bra i det siste. Viss han tek for mykje smertestillande, blir han litt "uklar" seier han sjølv, og så får han litt slapp uttale når han snakkar. Så han må på ein måte velje mellom pest og kolera.
Eg har drive og sjekka opp slekta til Nils i dag. Vi har to tjukke bygdebøker frå Solund, og eg er betre oppdatert på hans slekt enn på mi eiga. Trur eg. No kjem snart filmen om "Den 12.mann", og blant dei 11 som miste livet i denne hendinga frå krigens dagar er Sjur Trovåg, onkelen til Nils. Han var bror til Rasmus Martin Elias, far til Nils.
Det er enkelt å sjekke slektene i Solund, for dei fleste gifta seg med naboane. Dessutan er eg rimeleg godt kjend i kommunen. Det var bestefaren til Nils som tok namnet Trovåg då han flytta dit. Opprinneleg heitte han Tungodden- og budde der.
No må eg visst sjå programmet om statsministarane.
Vi har ikkje fått lese i boka til Arnljot Grimstad som Nils fekk av Birte og Håkon i går. Arnljot er morfaren til Birte (Sambuaren til Håkon)-han gjekk på lærarskulen på samme tid som eg, men han har også vore sjømann i unge dagar og det er det boka handlar om. Han er no 85 år, og har skrive mange bøker før.

lørdag, desember 02, 2017

Dagbok 2017: 2.desember

Klokka er 17.05, utetemperaturen er + 4 grader og det regnar. Temperaturen er eg for så vidt fornøgd med, men ikkje regnet. Det er berre slik at ein får ikkje komponere vêret sjølve-må ta det som kjem.
I dag ligg vi litt etter i løypa, vi har ikkje ete middag enno.
Nils ligg lenger og lenger utover føremiddagen, han har det best i senga, trur eg, og så vert han sø trøytt av all medisinen. Men no er han oppe og i bra form-takka vere oppkvikkande medisin.
Eg prøver å få gjort noko fornuftig dei timane eg er åleine. I dag har eg hengt opp litt julepynt, og nokre julegardiner som ikkje har vore i bruk på nokre år. Så skulle eg henge opp "juletreet" med lys på veggen ute, men det ville ikkje lyse, berre i små glimt. Eg så snart kva som var gale, leidningen inn til adapteren (transformatoren?) var så å seie heilt av. Eg lurte på om det gjekk an å reparere det, men Nils trur ikkje det. Eg let treet leve nokre dagar før det går i bosset. Har tenkt meg ned på Clas for å sjå kva som finst av brukbar pynt. Så langt har eg berre hengt opp ei lykt med te-lys inni. Nils har aldri vore tilhengar av all den julepyntinga, eg kunne godt tenkt meg noko meir, men det skal opp og det skal ned, og så er det leidningar etc.etc. 
I år pyntar eg ikkje til advent med lilla lys og dukar slik eg plar, eg går rett på jula og tek fram litt kvar dag. Det blir ikkje mykje baking, for vi blir her nok mest åleine-med korte besøk innimellom.
I dag ville Nils ha spekesild igjen, for han visste at eg hadde kjøpt to pakkar sist eg handla. Heilt greitt for meg, eg diggar spekesild, og den frosne eg kjøpte på Kiwi var ikkje så salt at vi vart tørste ein gong.
Men så var det nokre småting eg trong, i tillegg til at eg hadde lyst på ein tur ut. Det vart ein tur ned på Kiwi og to bæreposar heim. Eg kan lett få sitte på med både den eine og den andre, men eg likar å få meg ein gå-tur.
No driv eg og kokarkålrabi (rabbe) og skal lage stappe til silda. Nils likar det best, mens eg vil ha kålstuing. Så kan vi byte litt på det. Det blir middag i 18-tida.

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...