onsdag, september 12, 2012

Vêrmelding 12.september - 2012

Klokka er no 20.00. Ute er det regn og grått og temperaturen er +7 grader C. Det har kome eit lite "melis-dryss" på fjelltoppane dei to siste dagane, men eg håper vi får mange fine, varme dagar både i denne månaden og den neste.
I dag reiste Ellen Marie og Mixie, og det var jo vemodig, vi har prata og prata i fleire dagar, så eg var heilt hæs. 
Men vi måtte berre hive oss rundt og komme oss på møte på Kulturhuset. Eg hadde skulka forarbeidet i dag, men Nils stilte som vara, så var greitt. Det er  einaste gongen eg har svikta, som regel stiller vi begge to.
Det var, så langt eg kan vurdere det, eit vellykka møte. Eli er ein flink leiar, og flinke folk var det til å underhalde og orientere.
Då vi kom heim varma vi opp suppa frå mandag, men no gjeld det å halde seg våken til leggetid. Sov dårlig sist natt av ein eller annan grunn, eller kanskje utan grunn.
I går venta vi heile dagen på at dei  skulle ringe, dei som ville komme på besøk, og i dag ringde dei. Mens vi var på Kulturhuset, og møtet var begynt. Nils gikk ut og snakka med dei. Og det var det besøket! Eg måtte vere til stades inne sidan det er eg som refererer frå møta. No sit eg her åleine, for Nils gikk ut, sikkert for å unngå å somne i stolen.
Bildet er frå turen i går.
Takk for denne gongen, EllenMarie.

Vêrmelding 11.september - 2012


Klokka er 1.30, og det regnar ute.Temperaturen er + 8 grader. Tidlegare på dag var det ganske fint. 
Vi heldt oss heime og venta på nokon som aldri kom. Til slutt ringde Nils og fekk vite at dei ikkje kom i DAG. Då tok vi laus og køyrde fram i Bjørdalen og gikk rundt vatnet. Mixie fekk springe laus, så ho sprang vel vegen mange gonger. Sauer trefte vi også.
Etterpå køyrde vi til Sæbø så Ellen Marie fekk sjå fjorden og fjella, noko ho sette pris på.
Då vi kom heim i 7-8 tida laga eg steikt fisk til middag, så her held vi ikkje heilt normal døgnrytme. No er det snart sengetid, og i morgon er det møte i pensjonistlaget.
Hotellet på Sæbø har fått eit løft, men vi var ikkje inn i dag heller.

mandag, september 10, 2012

Vêrmelding 10.september - 2012

Klokka er 23.15. Ute er det +12 grader C og regn. Elles har vi hatt ein fin dag men lettskya og mildt ver, og før middag var det opplett.
I dag fekk vi besøk av kusine Ellen Marie og hunden hennar, Mixie.
Det var stor stas for ungane då Margrete og dei to yngste kom til middag.Hunden var så passe stor til å leike med. Elles har dagen stort sett gått med til mat og prat. Ellen Marie skal overnatte, så vi får litt ekstra tid i lag.
Mixie har tatt kvelden, men er framleis litt på vakt.
I dag kan vi gratulere Leon Roald med dagen?

søndag, september 09, 2012

Vêrmelding 9.september - 2012

Klokka er snart halv åtte, og vi fekk eit lite streif av sol, før den forsvann. Vêret i dag har vore lettskya og fint, no er det heile +17 grader ute.
Dessverre har eg halde meg inne det meste av dagen. Det var litt å gjere på føremiddagen, og så var det ei reprisesending på TV som eg måtte sjå.
Nils har vore ute og gått no, men så  langt kom ikkje eg. Ikkje enno. Derfor har eg veldig lite å fortelle om i dag. Håper de har hatt ei fin helg, de som skal på jobb att i morgon, vi som har heilårsferie, kan ta dagane som dei kjem.

Bok nr.46 - 2012: Jakthundene.


Jakthundene
Frå nettet:
William Wisting suspenderes og settes selv under etterforskning mistenkt for å ha fabrikkert bevis. Han var etterforskningsleder i en av landets mest medieomtalte straffesaker, da unge Cecilia Linde ble drept. Nå, 17 år senere, har det kommet for en dag at bevisene som felte gjerningsmannen var forfalsket. Mediene værer nytt blod.
Wisting har brukt hele sitt yrkesliv på å jakte på forbrytere. Nå er det han som er byttet, og han må arbeide på egen hånd og i skjul for å finne ut hvem av deres egne som konstruerte det falske beviset, og hva som egentlig skjedde den gangen. Han får hjelp av journalistdatteren Line, men også fra svært uventet hold. Så forsvinner en ny, ung kvinne. Det blir starten på et nervepirrende kappløp.

Mi meining:
Når ein les lydbøker kan opplesaren gjere mykje til eller frå, og han som les denne boka har eit stemmeleie som rett og slett irriterer meg. Elles les han godt, men eg forstår eigentlig ikkje kvifor han brukar tjukk  L når hendinga er lagt til Vestfold? I Tønsbergdistriktet.
Elles plar Jørn Lier Horst alltid få gode meldingar på krimromanane sine, ein får vel helst kalle dei politiromanar. Og han leverer alltid godt handverk, skildrar politiet sitt nitide arbeid for å finne sanninga.
Det er berre det at alt er så til dei grader oppbrukt for oss som les mykje krim. Der er ingen overraskingar liksom, reine plankekøyringa og ikkje særlig spennande.
Har eg sagt at eg er lei krim?. Ja, eg er det, men somme gonger inneheld også krimromanar noko ekstra som gjer dei lesverdige. Det kan vere spennande språklige formuleringar eller ei interessant bakgrunnshistorie. Denne boka kjem i kategorien  "heilt grei"-men ikkje noko meir.
At historia handlar om bortførte unge jenter vart litt spesielt midt opp i Sigrid-saka.Litt for aktuelt liksom.

lørdag, september 08, 2012

Vêrmelding 8.september - 2012

                                Bildet er tatt ca kl.13.00

Klokka er no snart 18.00. Sola strålar frå ein nesten skyfri himmel, men slik har det ikkje vore før i dag. Tidlegare har vi hatt voldsomme regnbyger og ditto hagl.Då vi var nede i vik såg vi at det var snø langt ned i Saudehornet, som vi ikkje ser frå der vi bur.På bildet er det delvis gøymt bak skyene.
Vi var altså ein tur nedover og handla. Hadde tenkt å få tak i fårekjøt. Vi fann litt av sorten på ein av butikkane, men det var av typen mykje bein og lite kjøt, og dertil til ein ublu pris. Så dessverre middagsgjester, det blir ikkje fårikål denne mandagen heller.
Forferdelig mykje folk på Amfi i dag også, var så vidt innom ein liten tur, men handla andre stader. Hadde eit ærend inn på Målar-Olav, og der stod ein rull med golvteppe som vi hadde bestilt frå ein katalog. Der låg ein lapp med namnet vårt, og ei melding om at dei hadde ringt oss to gonger utan å få svar. Litt rart, for telefonen vår blinkar raudt når nokon har ringt mens vi er borte.
I dag åt vi graut til middag, og no etter middagskvila har Nils tatt ein tur på terminalen for å fiske frå land, mens eg har styrt med diverse i huset.No må eg ha meg ein liten tur rundt huset før sola går ned.
Dette bildet er tatt ca klokka 18.00.Viss de ser godt etter, ser de ein flekk i fjellsida, der driv dei og tek ut tømmer.Når vi er nede i Vik, ser vi kor STOR denne flekken er.

fredag, september 07, 2012

Vêrmelding 7.september - 2012

Klokka er snart 18.00, ute er det overskya med kraftige regnbyger, men det hender vi får eit solstreif mellom bygene. Temperaturen er + 10 grader C.
Føremiddagen gikk med til litt kakebakst, lenge sidan sist eg laga kaker, så no var det tomt i frysaren. Brukar eigentlig berre å bake til jul og diverse fødselsdagar; Nils og eg et aldri kaker når vi er heime åleine. Med eitt unntak - fiskekaker.Som vi for øvrig hadde til middag i dag. For ein gongs skuld i brun saus.Kan ikkje seie eg er så begeistra for akkurat det, men vi hadde god saus att frå tidlegare i veka. Til vanlig brukar vi anten å steike dei på panna eller varme dei i steikomnen, det siste er best.
Etter at vi hadde slappa av ei stund, tok vi ein tur ut på Rjåneset for å ause båten og gå litt tur i styggeveret. Det var då eg kjende at eg hadde litt vondt etter turen i går. Må passe meg å ikkje overdrive mosjonen, for då blir det berre elende.
Eg likar godt å ta bilde der ute. I dag fanga eg opp ein stor båt som var på veg ut fjorden med trelast. Det blir skipa ut mykje tømmer frå Ørsta-terminalen i år, takka vere Dagmar.
Så vil eg nytte høvet til å ønske alle ei god helg, same kva de skal ta dykk til.


Eg likar alltid å sjå på tre og andre plantar som veks langs vegane. Langs stigen på Rjåneset er det ei blanding av ville vekstar og forvilla hageplantar.

Dagbok 202: .26 okrtober

  Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....