tirsdag, juni 30, 2009
Bitevillig sei.
mandag, juni 29, 2009
Bok nr.42:Livlegens besøk.
Denne boka har eg lese for mange år sidan, men då i papirutgåve.Eg likte boka godt den gongen, så då eg fann lydbokutgåva, fekk eg lyst å lese den ein gong til. Eg har alltid likt å lese gode bøker fleire gonger, ein får med seg meir for kvar gong, oppdagar stadig noko nytt. Dessutan hugsar eg dårlig, så eg har godt av å repetere.Eg angrar ikkje på at eg las denne for andre gong.
Går ut frå at mange av dykk som les bloggen min også har lese boka. For dei som enno har denne til gode, vil eg berre seie ein ting:Les den!
Dette er ein historisk roman,"based on a true story" som det heiter i filmverda. Scena er det danske hoffet i København under Christian den 7.Ein konge i den lange rekkja av Christianar og Fredrikar i det vi i Norge kallar dansketida.Mange av desse kongane vart erklært sinnsjuke, og fleire var det...Eg skal ikkje gå meir inn på hendinga, men her er fleire intrigar enn i ein amerikansk såpeopera.
Men dette er inga "såpe". Boka er glitrande godt skriven i eit nydelig språk.( No skulle ein vel helst lese den på originalspråket, svensk, men omsetjaren har gjort ein flott jobb.) Noko som er spesielt er at forfattaren ofte gjentek seg sjølv. Ikkje insisterande og påtrengande slik som Jon Fosse, men på ein naturleg og ledig måte.
Opplesaren var eg litt i tvil om til å begynne med. Han las på ein oppstykka måte, med mange pausar, ikkje berre mellom setningane, men midt inni også.Etter kvart forstod eg at desse pausane var nødvendige, i alle fall for meg, sidan eg trengde tida til å fordøye alle fakta.
Denne vesle boka har eg ståande i bokhylla attmed meg, slik at eg kan slå opp når det er noko eg lurer på om dei gamle kongane. Eg vil ikkje påstå at ho er framme KVAR dag, men ho er kjekk å ha. Her kan de lese om Christian den 7. - i fall de ikkje er heilt oppdaterte på han.Økologisk hagebruk?
Heile arbeidet tok ca 2 timar. Sveitten sila, men det er berre godt. Til slutt skåla vi i Bris og Fun light!
søndag, juni 28, 2009
torsdag, juni 25, 2009
Bok nr.41:Pinnsvinets eleganse.
Eg vågar følgande postulat:Franske bøker er ikkje som andre bøker.
Skal ein tru det skrivne ord, er franskmenn sjuklig opptekne av kultur,intelligens og klasse.Det var i alle fall mitt første inntrykk av denne boka.Då eg hadde lese ei plate, tenkte eg: Dette orkar eg ikkje !
Men så hadde eg ikkje noko anna, så eg gjorde ein vri:Eg la neste plate inn i datamaskina og begynte å rydde skapa på datarommet mens eg lytta. Då greidde eg å konsentrere meg betre.Neste dag scanna eg bilde mens eg hørte bok osv.Eg har altså lese denne boka parallelt med krimmen.
Og etter kvart fekk eg sansen for dei to forteljarane. Den middelaldrande kvinna og den 12 år gamle superintelligente jenta fortel om livet sitt,deler tankane sine med oss og filosoferer over dei små og store spørsmåla i livet.Dei stiller spørsmåla og svarar sjølve, reflekterer kvar på sin måte. Boka er ingen pageturner, men likevel verd å lese.
NB:Den er verken tung eller vanskelig å lese, og opplesarane er flinke.
onsdag, juni 24, 2009
Bok nr.40:Rødsonen.
Denne boka har Solveig blogga før, så det er best de les hennar omtale,dersom de er interesserte.
Når ein les lydbøker, kan det vere mange ting som gjer at ein ikkje blir så begeistra. Det kan vere opplesaren som ikkje er god nok, eller det kan vere at handlinga er vanskelig å følgje med på, av ein eller annan grunn.
Denne boka har fått god kritikk, men MEG fenga den ikkje. Handlinga vart for lite oversiktlig, det vart for mange namn å halde greie på etc. Eg datt ut litt for ofte, og fekk ikkje heilt tak i samanhengen. (Eg skulle nok ha lese boka meir i samanheng).
Slutten av boka er eit kapittel for seg. Her møter vi den eventyrlege vitskapen, som ein berre må gi seg heilt over for.Den, og så den humoristiske undertonen gjennom heile boka, er det som gjer boka lesverdig. Dette er MI meining.
Når ein les lydbøker, kan det vere mange ting som gjer at ein ikkje blir så begeistra. Det kan vere opplesaren som ikkje er god nok, eller det kan vere at handlinga er vanskelig å følgje med på, av ein eller annan grunn.
Denne boka har fått god kritikk, men MEG fenga den ikkje. Handlinga vart for lite oversiktlig, det vart for mange namn å halde greie på etc. Eg datt ut litt for ofte, og fekk ikkje heilt tak i samanhengen. (Eg skulle nok ha lese boka meir i samanheng).
Slutten av boka er eit kapittel for seg. Her møter vi den eventyrlege vitskapen, som ein berre må gi seg heilt over for.Den, og så den humoristiske undertonen gjennom heile boka, er det som gjer boka lesverdig. Dette er MI meining.
Gratulerer med dagen, Einar!
I dag fyller eldste barnebarnet vårt 22 år, og må vel reknast for vaksen.I arbeidet med å scanne gamle album har eg funne utruleg mange bilde av guten som i nærmare tre år fekk råde grunnen åleine både som barn, barnebarn og tantebarn.No har eg ikkje tenkt å legge inn livshistoria hans her, og bilda eg har teke med, nokså tilfeldig, er alle frå 1995, meiner eg.
Dette bildet har eg teke med for å vise Einar i fotballpositur. Interessa hans for denne sporten, trur eg nesten var medfødt.Og han var ikkje gamle karen før han hadde funne favorittlaget sitt, som han framleis held på. Det er sjølvsagt Tottenham Hotspur. Før E begynte på skulen, hadde han teikna heile laget og skrive namn på alle spelarane.Han har sjølv spela fotball i alle år, men i det siste har det blitt meir skriving enn speling, trur eg. De kan finne reportasjane hans mellom anna på VG-nett.
Dette bildet fall eg for av heilt egoistiske grunnar. Som bestemor til etter kvart ti barnebarn, har eg strikka nokre genserar!No når eg ikkje lenger får strikka så mykje, er det kjekt å sjå tilbake på fordoms verk. Her står han i lag med broren,Keeperen, som deler fotballinteressa med storebror.Gratulerer så mykje med dagen, Einar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 8.september
Klokka er no 18.08 , temperaturen ute er +10 grader C og det regnar no. Før i dag var det litt betre ver. Eg fekk diverse bekymringar , sida...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


