onsdag, januar 07, 2026

Dagbok 2026:6.januar


 Klokka er no18.15, temperaturen ute er  minus 12 grader C, og det har den vore i heile dag, trur eg- Kulde er det verste eg veit, men eg må innrømme at det var vakkert ute i dag, og så er sola på veg nedover til oss, om eit par veker kan ho skine inn til oss, men då har det vel skya over-eg er pessimist, som vanleg.

Eg sov ikkje så godt sist natt, det var litt kaldt og så verkte eg i handa. Men eg kom meg no opp og ut, og køyrde ned på "treninga"-ikkje for å trene, men for å høyre med fysioterapeuten kva eg skulle gjere med handa mi. Ho sa akkurat det eg hadde tenkt, at eg måtte på på apoteket og få noko å ha rundt handleddet. Eg hadde ein slik før , av ler, men den eg fekk no var annleis. Men den er god å ha på seg,og den hjelper no litt. Så skal eg smørje handa med salve, og den salven har eg på lager. Problemet er å få til å gjere det-eg har berre ei ledig hand. Men eg får no hjelp om eg treng det.

Eg handla litt på heimvegen, men eg angra litt på at eg ikkje hadde sett bort på grava korleis der såg ut no, eg skulle kanskje ha rydda vekk litt. Men eg skal no ned att på treninga på torsdag, skal trene føtene om ikkje anna. Dei treng faktisk trening dei også no når eg ikkje går ute.

Her heime har det ikkje skjedd mykje i dag; eg laga meg eit måltid med skiver og kjøttpålegg og så fann eg fram resten av sjokoladen eg fekk til jul, så no er der ikkje mykje att.

Eg har hatt varmepumpa på full guffe i dag attåt at eg har fyrt i omnen. Er det noko her i verda så eg det kulde. Eg frys i hel så snart tempen er under 20 grader. Hadde eg vore litt yngre kunne eg ha vore i syden denne tida.

I går begynte eg å sjå ein serie på NRK om eit bryllaup i Sameland, og i dag såg eg resten. Det var ikkje slik dei hadde det i sameland, trudde eg. Eg har forresten vore i Kautokeino , men då var det sommar. Litt interessant var det no å sjå korleis dei feirer btryllaup der oppe.

I morgon veit eg ikkje kva eg skal styre med, men eg kan no halde fram med å leite etter ulltrøyene mine.

             Om to veker kan vi ha sol i Starevegen om det er opplett då


mandag, januar 05, 2026

Dagbok 2026: 5.januar


 

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er minus11-12 grader C, og eg som trudde at det var slutt med slike temperaturar her hos oss etter ein svært mild førjulsvinter.

Her eg sit er det altfor varmt, sidan eg hadde gått frå omnen her utan å slå den av, PÅ stova står varmepumpa på, og eg fyrer i omnen. Eg likar ikkje kulde, så eg håper på mildare dagar.

I dag hadde eg tenkt å begynne så smått å kaste ut jula,dvs, rydde vekk julepynt. Men så syntest eg det var litt brutalt, så pynten får stå litt til. 

I staden rydda eg og vaska i kjøleskapet før eg fann nokre restar og laga pannekaker til meg sjølv. Og så var eg ein tur opp til Marit og drakk kaffi.

Då eg kom ned att til meg sjølv begynte eg å leite etter den kassa med ull-trøyer etc. som eg ikkje kan finne att. Eg veit kvar den var, men hugsar at eg rydda den vekk-men KVAR. Eg har leita med lys og lykter utan å finne plast-kassa der dei låg. Vore innom alle skuffer og skap utan å finne også..

Sist natt låg eg i ro på soverommet, eg hadde sett på varmeteppet i god tid, og sett ein liten omn inn for å få opp tempen i rommet i rommet før eg la meg. Det gjekk fint og eg sov godt. NB: Eg hadde ikkje omnen på om natta, berre før eg la meg.

No har eg sete og sett nyheiter, det burde eg ikkje ha gjort, for det er ikkje gode nyheiter vi får, ikkje så lenge Trump styrer på slik han gjer. Han blandar no seg opp i alt muleg også. Han har kanskje gode intensjonar men handlar heilt på eiga hand ser det ut til. Eg trur eg må slutte å sjå nyheiter.

Eg er ikkje sikker men eg trur eg skal på trening i morgon. Då må eg i alle fall kle godt på meg, for der er ikkje varmt. Handa mi har vore betre i dag, men så har eg ikkje brukt den så mykje heller.

Eg hadde så smått tenkt å begynne å fjerne julepynten,som sagt, men så fekk eg lyst å ha den litt til. Vi brukar å få att sola rundt den 18.januar-eg hugsar datoen fordi det er fødselsdagen til Håkon og då skal jula vere ute.

Håper at alle som er innom bloggen har det bra. Og at det nye året blir godt .

søndag, januar 04, 2026

Dagbok 2026: 4.januar

Klokka er 20.35, temperaturen ute på trappa er minus 8 graderC og månen lyser.

Sist natt var det så kaldt at eg ikkje orka å ligge på soverommet, men la meg her på datarommet der eg også har ei seng. Eg sov ikkje så godt og eg var låk i handa då eg vakna, så det var lite og ingenting eg fekk gjort, anna enn å fyre godt i omnen attåt at varmepumpa står på heile døgnet. Eg likar ikkje kulde, det er det verste eg veit-sjølv om det ser fint ut ute når ein  er inne i varmen. Sambuarane mine har eg sett lite til i dag, dei er vel ikkje så mange heller. Marit ville eg skulle komme opp til henne, men der er ikkje varmt nok for meg. Eg må ha temperaturar over 20 grader+ elles frys eg i hel. Eg hadde låkt i høgre handa heile føremiddagen, men då eg begynte å jobbe med noko, kom det seg litt. Eg har stort sett vore åleine i dag, men eg har no TV og datamaskin å sjå på.

Eg vurderer å begynne å ta ort julepynten i morgon, men det er nno kjekt å ha den litt til. Når ein begynner å pynte først i desember så blir det no lenge nok med julepynt. Eg hugsar før , då pynta vi juletreet julaftan før middag-og ein gong hadde vi juletreet heilt til februar. Og i min barndom var det juletrefestar langt ut i januar.

Eg reknar med å begynne på treninga kommande veke, kanskje alt tysdag, då får eg snakke med fysioterapeuten om kva eg skal gjere med handa mi; den er veldig ubrukeleg slik den er no, men det er ikkje så vondt berre eg har den litt i bruk.

lørdag, januar 03, 2026

Dagbok 2026; 3.januar


 Klokka er no19.08, temperaturen ute er minus 12 grader C, det har vore opplett og delvis skya i dag, Så veret har vore nokså fredeleg-ingen nyttårs-storm enno i alle fall.

Det var ein god og fredeleg dag heilt til eg sette på TV-en.At ikkje alt var som det skulle i Venezuela det visste vi no. Men at Trump ville gå så drastisk til verks det forventa eg ikkje. Ja, det skal bli interessant å sjå korleis dette går. EG ønsker berre ein ting:FRED på jord. Når ein sit åleine og ser på TV, så er det ikkje kjekt når slikt skjer. Ein kan ikkjel ate vere å tenkje på det heller. Og ingen ting kan ein gjere frå eller til. 

Elles har eg hatt ein heilt grei dag, var ein tur på butikken med bil i dag, det var kaldt og ikkje glatt. Då eg kom heim fekk eg melding frå Solveig om at ho og Øystein kom ein tur til Ørsta og då kom dei til meg også, og det var no kjekt. 

Solveig hadde tenkt seg på butikkar, men eg veit ikkje korleis det gjekk; Øystein kunne ikkje la vere å moke litt til meg. Eg sjølv greier ikkje å moke for eg har fått noko stryr i høgre handleddet, eg veit ikkje om det kjem av for mykje strikking eller for mykje datamaskin. Eg skal sjå om eg får tak i noko å ha på handleddet er har no hatt slike ler-reimar før. Eg har no brote begge hendene mine så dei har fått sitt. Men det er no bra lenge sidan ,då. Høgre handa braut eg i 1964, den venstre for to år sidan.

Etter at Solveig og Øystein hadde fare fekk eg ein ide om at eg skulle lage middag i dag, for eg fekk så lyst på brun saus, slik saus som eg lagar sjølv. Eg sette i gang med å brune osb. Det er ein ingrediens eg må ha i sausen min og det er solbærsaft, så det har eg alltid i kjøleskapet. EG har diverse mat i frysarane mine, men i dag tok eg like godt berre nokre pølser som eg hadde i kjøleskapet, poteter hadde eg også og frosne grønsaker. Det er ikkje ofte eg lagar så skikkeleg mat når eg er her åleine. Eg hadde til og med dessert : hermetiske ananas med krem.

Så var det å slå på TV-en igjen. Eg fyrer litt i omnen sjølv om eg har varmepumpa på. Eg likar varme når eg sit så mykje i ro, Men no blir det vel å begynne på trening igjen komande tysdag. Juleferien er slutt, den var så kort i år synest eg.

Håper det vert litt mildare etter kvart, og når vi kjem til slutten av januar kan vi få att sola.

fredag, januar 02, 2026

Dagbok 2026:2.januar


 Klokka er no 17.20, temperaturen ute er minus 8 grader, så no vart det vinter,ja. Det hadde snødd i natt, oe eg har ikkje moka trappa ein gong, men det er ein kvan som har tatt brøytekanten så eg kjem meg ut med bilen om eg vil. Men i dag ville eg vere heime og ta fredagsvasken slik at eg kjem inn i den gamle rutinen. Men det var kjemdumt å ikkje moke trappa. Til min unnskyldning kan eg seie at høgre handa mi ikkje er god. 

Jula for to år sidan gjekk eg med brota venstrehand, så då var det det .Det er handleddet på høgra handa som er vondt, og viss eg er i ro blir er det verre å komme i gang igjen, eg skuldar på strikkinga, men det er vel heller ikkje så bra å sitte og skrive på tastaturet slik eg gjer no. Akkurat no er eg ikkje så låk, men viss eg sit i ro ei stud, då er det vondt å komme i gang igjen. Ja, det er no ein bagatell i den store samanhengen. 

I dag har eg altså vore heime åleine heile dagen, eg har vaska, men julepynten skal eg ikkje ta bort enno. Eg har tatt fram nokså mykje julegreier og det må no få vere der ei stund til. Men i morgon må eg komme meg på butikk, for no minkar det på godene. Eg har snopa mykje i jula ,men det må eg slutte med no. Neste veke blir det vel å begynne på treninga igjen. Det blir sikkert bra, for eg kjem meg ikkje ut og gå så mykje.

I morgon må eg på butikken, men eg har ingen ting å bytte, for eg fekk berre fine, gode ting til jul. Men eg håper Solveig kjem ein tur snart, for der er ymse ting eg ikkje har fått til å ta i bruk, så eg treng litt hjelp av ekspertar.

Håper at dei som er innom bloggen min her har det bra i det nye året-

torsdag, januar 01, 2026

Dagbok 2026: 1.januar


 Godt nytt år til alle! Håper at året vi no går inn i blir litt fredeligare enn det året som er slutt. Mitt nyttårsønske er "Fred på jord".

I dag har eg hatt ein kjekk dag. Klokka vart 3 før eg la meg i går kveld/natt, men eg stod opp til vanleg tid.og eg har ikkje vore trøtt i dag. Eg greier meg med lite søvn..

I dag venta eg besøk på føremiddagen, det var barna til Margrete som skulle komme, og som ein god overraskelse var både dama til Eirik, Nora, og Mannen til Amanda,Martin, med. Eg trudde ikkje dei kom fordi dei ikkje var med julaftan. Erlend som bur i kjellaren kom ikkje fordi han ikkje var heilt frisk-. Det er veldig kjekt å ha ungdommane her.

Eg hadde ikkje laga til så mykje mat for eg visste at dei skulle ete middag med Margrete etterpå.

Veldig kjekt at barnebarna besøker ei gammal beste/olde-mor. Elles såg eg no litt av nyttårskonserten før gjestane kom. Eg blei begeistra for den nye dirigenten, han var heilt Rå,  eller kva eg skal kalle det. Han sparte ikkje på kreftene i alle fall.

I bøkene mine ser eg at Magnus på Eid fylle r 31år i dag. Eg kan ikkje hugse om han fekk tittelen Nyttårsbarn på sjukehuset på Eid.Men han gjorde vel det.

Eg hadde ut flagget i dag, men eg såg ikkje andre flagg ute. No har eg i alle fall tatt flagget inn igjen, det har hendt at eg har gløymt det, og det er ikkje bra.

Det kom dessverre meir snø, men naboen tok bort kanten opp mot vegen, så gjestane mine fekk parkert på tunet.

Barnebarna, nokre av dei i alle fall, reiser igjen, tilbake til jobbane sine. Litt trist at dei fer, men bra at dei har jobbar å komme tilbake til.

Enda ein gong må eg ønske allle eit GODT NYTT ÅR!


Dagbok 20 25: 31. desember

 No er klokka 23.45, og dei skyt i eitt ute. Eg har vore oppe hos Marit i kveld, drukke kaffi og ete kaker og snop på denne siste kvelden i året. No skyt dei i vilden sky, rakettar altså. Eg synest der er både nok og for mykje, for dei har halde på heile kvelden, og eg tenkjer på alle hundar og kattar som er redde. Eg sit inne no men snart skal eg ut og ta bilde nå det blir enda fleire rakettar . Det er no på ein måte fint åsjå, men eg har ikkje heilt sansen for skytinga, Det har vore nok skyting i dette året som no ebbar ut.

No var eg bra heldig, telefonen vart utan straum akkurat når eg skulle ta bilde, men det er sikkert mange nok som fotagraferer. No sit eg inne og høyrer at lyden tek av.

Så har 2025 gått over i minneboka, og kva neste år  vil by på veit ingen. Eg synest at det året vi har lagt bak oss har vore eit vondt år-ikkje for meg, men for alle dei som har måtta lide i krig og ulykker. Eg håper at det året vi går inn i no må bli fredelegare og utan store ulykker etc. Ein kan håpe -og det er alt-

Eit godt nytt år ønsker eg allle som er innom bloggen min.

                                                 Godt Nytt år

Dagbok 2026: laurdag19.september

                                               I dag var det Amanda som fekk vere med i avisa No når eg ikkje gå r på skule eller noko anna,...