Godt nytt år til alle! Håper at året vi no går inn i blir litt fredeligare enn det året som er slutt. Mitt nyttårsønske er "Fred på jord".
I dag har eg hatt ein kjekk dag. Klokka vart 3 før eg la meg i går kveld/natt, men eg stod opp til vanleg tid.og eg har ikkje vore trøtt i dag. Eg greier meg med lite søvn..
I dag venta eg besøk på føremiddagen, det var barna til Margrete som skulle komme, og som ein god overraskelse var både dama til Eirik, Nora, og Mannen til Amanda,Martin, med. Eg trudde ikkje dei kom fordi dei ikkje var med julaftan. Erlend som bur i kjellaren kom ikkje fordi han ikkje var heilt frisk-. Det er veldig kjekt å ha ungdommane her.
Eg hadde ikkje laga til så mykje mat for eg visste at dei skulle ete middag med Margrete etterpå.
Veldig kjekt at barnebarna besøker ei gammal beste/olde-mor. Elles såg eg no litt av nyttårskonserten før gjestane kom. Eg blei begeistra for den nye dirigenten, han var heilt Rå, eller kva eg skal kalle det. Han sparte ikkje på kreftene i alle fall.
I bøkene mine ser eg at Magnus på Eid fylle r 31år i dag. Eg kan ikkje hugse om han fekk tittelen Nyttårsbarn på sjukehuset på Eid.Men han gjorde vel det.
Eg hadde ut flagget i dag, men eg såg ikkje andre flagg ute. No har eg i alle fall tatt flagget inn igjen, det har hendt at eg har gløymt det, og det er ikkje bra.
Det kom dessverre meir snø, men naboen tok bort kanten opp mot vegen, så gjestane mine fekk parkert på tunet.
Barnebarna, nokre av dei i alle fall, reiser igjen, tilbake til jobbane sine. Litt trist at dei fer, men bra at dei har jobbar å komme tilbake til.
Enda ein gong må eg ønske allle eit GODT NYTT ÅR!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar