lørdag, juni 07, 2025

Dagbok 2025:7.juni

            Therese Bugnet heiter denne rosa, den første som blomstrar i år.
 

Klokka er no18.05, temperaturen ute  er +12 grader, det er opplett og litt sol, men det skal visst komme regn i morgon igjen.

Eg har hatt ein kjedelig dag , heime åleine med ein vond fot/hofte, så det er vondt og gå. Eg har hatt vondt i same hofta før, for lenge sidan, då varte det ca 10 år og eg var til alle slags behandlingar utan at det hjelpte. Det er dette som dukkar opp i minnet no og gjer at eg blir litt redd.  Men det gode no er at eg ikkje verker noko særleg når eg er i ro.

Sist natt sov eg godt utan sovetablettar , så det var no positivt. I dag var eg ein tur på butikken, og no for litt sidan gjekk eg rundt huset, elles har eg stort sett site framfor TV-en og strikka.  Og aldri før har eg hatt SÅ lyst å gå tur på Vernet.

Hagestell blir det visst lite av no, men litt må eg vel klare. Eg har legetime tysfdag, og då blir eg vel sendt på røntgen etc. Eg har aldri vore særleg sjuk, men eg har vore på røntgen veldig mange gonger.Sist var det vel då eg braut handa.

No blir det vel å sitte og strikke for det meste, men blir det sol kan det hende ein får brune seg litt.


fredag, juni 06, 2025

Dagbok 2025: 6.juni


 Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 15 grader C, det er opplett og litt sol no, men eg trur det har vore regnbyger. Eg har ikkje følgt så godt med i det siste. I dag tok eg fredagsvasken, og så gjekk eg opp til Marit og drakk kaffi og prata ei lang stund. Eg fekk vite korleis ho hadde hatt det i Stryn og eg fekk fortelje om den vonde hofta mi. Sist eg var så låk i hofta varte det 10 år om ikkje meir. Så eg veit ikkje kva eg kan vente meg no. Eg får i alle fall ikkje ""ny hoft" for det er eg for gammal til. Berre eg slepp å verke mykje får eg finne meg i det. Det blir ikkje så mykje hagearbeid å meg i år , trur eg.

I dag fyller dottera til Solveig 28 år, men ho er i Bergen så vidt eg veit.

Her er familien til Solveig, mann barn og barnebarn, og oldebarnet Amund på skuldtane til faren,Håkon. Mannen til Olaug Thomas står heilt til venstre.

                   Her er Olaug med Amund og sin eigen son, Tobias.

Sidan Olaug bur i Bergen er det ikkje så ofte vi ser henne og familien, men dei var på Hareid i påska.

Etter at eg hadde vore oppe hos Marit i dag, kom eg heim, åt litt og så strekte eg meg ut i heile mi lengde her på dagsenga mi og sov meir og mindre. Det er ikkje alltid eg søv så godt om natta, så det gjorde godt å få ein blund. Det er i morgon det er pinsafta så då får eg ta ein tur på butikken og handle inn til dei to pinsedagane. Eg hadde gløymt heile pinsa, fordi den kom så seint i år.

Det er fredag kveld så eg ønsker alle ei god helg. Regn i morgen , står det på Pc en min, så då veit vi kva vi har i vente.

torsdag, juni 05, 2025

Dagbok 2025.5.juni

Eg fekk så mange fine blomster til fødselsdagen min; sidan det var ved påsketider var det mange gule,og dei fleste er minst like fine no
 

Klokka er no 16.36, temperaturen ute er +14 grader C. Det har nettopp vore ei regnbyge, men no skin det opp igjen. slik har det vore meir og mindre heile dagen.

I dag har eg vore opp og ned til Vik fleire gonger. Først på trening. Eg vakna grytidleg i dag, så då eg kom heim, prøvde eg å få sove litt, men det er ikkje så enkelt.Marit var ikkje på treninga i dag, men no er ho reist med Janne inn til Stryn, dei var ikkje før vekk, så kom Lollo ned til meg og ville ha mat. Marit sørger for at eg har kattemat på lager.

Eg hadde eit par ærend til Vik, og på siste turen sa bilen at no ville han ha bensin. Eg har ikkje bensinmålar så eg må ta det på gefylen.Dama på stasjonen var grei og hjelpte meg med kortet, eg tek ikkkje sjansen på å gjere det sjølv. No er det i alle fall gjort, så køyrer eg trygt ei stund. Eg skal no m.a. på Plantasjen og på VØR.

Men eg får ikkje gjort mykje hagearbeid for tida, veret skiftar , men det er nokså vått og kaldt.

Eg er litt skeptisk no akkurat for eg er låk i venstrefoten/hofta, kneet - det skifter på. Så har eg litt trøbbel med TV-en. Eg skulle få ein "boks" i posten , men den fhar ikkje vist seg. Helge står klar til å hjelpe så snart boksen er her. Vi har ein avtale.

No er det plutselig blitt vanskeleg å aktivere på datamaskina. Det var no enkelt før. Eg ser TV-det er ikkje det- men ikkje akkurat der eg vil sjå. Eg ser no nyheitene og det er no mykje det det går i.

No skin sola, og eg fekk vite på treninga i dag at det er pinse-helg; det hadde eg gløymt.

Eg har vore litt"sjuk" nokre dagar, men er frisk no. Men eg søv for lite, så eg er ofte trøtt. Noko skal det vel vere når ein blir så gammal.

Dette var påske-og no er vi komne til pinse, skulle ønske vi fekk litt meir sol og varme.

onsdag, juni 04, 2025

Dagbok 2025: 4.juni

Klokka er no 18.20 og bildet tok eg nettopp , det er lett å sjå at det nettopp har regna.Temperaturen ute er+14 grader.

Det har vore skiftande ver i dag-best som sola skin kjem det ei regnbyge. Eg fekk no på plass alle kleda eg hadde vaska før eg tok ein tur til Vik og ALTI. Eg er alltid tidleg oppe  så dagane er nokså lange, og det er berre bra.Men i dag lurte eg meg til å sovne på dagsenga mi etter middag. Og det gjorde berre godt. Eg kokte risgraut til middag i dag; det må eg gjere sånn av og til fordi eg kjøper inn melk og vonar at eg skulle få bruk for den.

Så var eg ute og jobba i hagen ei stund,  der er så mykje som skulle ha vore gjort at eg kjem aldri i mål, men her ser no nokolunde bra ut, meir kan ein ikkje forvente. Men eg må sjå til å få orden på kantklipparen, for den er god å ha

I dag var det pakke til meg i postkassa, det var klede som Solveig hadde hjelpt meg å bestille på nett. Mellom anna ein lysblå genser som eg likte godt. Dette er billege ting, så det gjer ikkje noko om ein slit det fort ut. 

I morgon skal vi på trening, eg skofta tysdag, fordi eg ikkje var i form-

Eg skulle ønske at veret var litt meir sommarleg no når vi er komne til juni månad, med mange fødselsdagar etc. Og så blir det sommarferie på lærarar og elevar. Det ser vi fram til .

                       Så kom sola ei lita stund.

 

tirsdag, juni 03, 2025

Dagbok 2025: 3.juni

 

Marit har fleire fine rosa rhododendron på muren ved garasjen, dei pyntar opp i nabolaget.


Klokka er no 19.40,, temperaturen ute er +16  grader C. Det har for det meste vore skya i dag, men også sol. Mest opplett trur eg. Men eg har vore litt utafor alt. Eg gjekk ikkje på treninga i dag, for eg følte meg ikkje heilt bra. Eg var oppe klokka 6, men fekk ikkje til å sove når eg la meg att. Eg prøvde å rydde opp i alle kleda som eg vaska i går, og det meste kom på plass, men alt var ikkje tørt enno.

Eg var ein tur på butikken med bil, men elles har eg halde meg inne. Har sete og strikka og sett TV for det meste. Det må no vere noko som feilar meg når eg er så sløv, men eg har time hos legen snart, så då får eg vel litt opplysning.

I dag kunne eg no ha gjort mykje i hagen viss eg satsa på det-men det gjorde eg ikkje. Når eg ikkje går på Vernet er det fordi eg har låkt i venstre hofta-og det er heilt reelt.

Eg har stor glede av alle dei fine potteplantane eg fekk til bursdagen min, dei får både vatn og stell. Men eg skulle ha stelt ute også. Naboen har klipt plenen ovafor garasjen, det gjer han alltid så det er fint opp mot gata. 

mandag, juni 02, 2025

Dagbok 2025: 2.juni


 Klokka er no 19.50, og bildet over tok eg for eit par minutt sidan. Vi har ikkje så mykje kveldsol her eg bur, men ei lita stund til har vi vel solskin. Det kjem vel med, for det lid på dag før ho kjem. Det er +10 grader ute no, så det er ikkje akkurat sommartemperatur  vi har.

Denne dagen har vore litt spesiell fordi eg har styrt med litt ymse. Det første var at eg var på banken og fekk meg ny Bank ID. den eg hadde fekk eg med det samme dei begynte med det, så den var gammal og heilt utsliten.  Eg køyrde rett heim etterpå og fylte bilen med hageavfall i sekkar og køyrde dei på VØR. Der var ei anna eldre dame også og vi var samde om at VØR-det var det godt å ha.Eg har bort graset også no, for det blir altfor mykje å ha her heime-sjølv om det blir mold til slutt. Mat tek eg meg når eg er svolten, så eg kan ikkje snakke så mykje om måltid.

Men så fann eg ut at eg kunne begynne å rydde i alle klesskapa mine, ja ikkje alle i dag, eg greidde eit halvt. Eg vurderte det eg fann, og mykje vart sendt til vaskeriet i kjellaren der eg har sett på den 3.maskina no. Viss kleda skal brukast, må dei no vere nyvaska, synest eg. 

Etter kvart vart det litt finare ver ute, det er heilt typisk her, regn tidleg på dag og sol når det går mot kveld. Så fekk eg gjort aldri så lite i hagen også, såpass eg fekk begynne å samle i ein ny sekk. 

Eg har ikkje gått på Vernet i dag, for venstre hofta er ikkje heilt god, så derfor blei det litt hagearbeid i staden. I morgon er det trening igjen, eg trener det eg synest eg kan, men sparer på hofta. I kveld får eg vel ein sudoku å bryne meg på i Møre Nytt.

                                                             Eit siste solstreif i hagen

søndag, juni 01, 2025

Dagbok 2025: 1.juni


 Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 15 grader C og det har regna litt av og til, men det ser ut til at det har regna meir i høgda, eller så er det snø som ligg att og smeltar.

Eg er ikkje heilt i humør for tida, eg går her åleine og plagast med ein vond fot med meir. Har vondt både i kneet og hofta. Marit har vore vekke heile helga, men kom heim for nokre timar sidan. Eg har no tusen ting eg kan gjere her heime, men har ikkje vore i form til det. Eg vil no helst vere ute og styre i hagen, men ikkje når det regnar.

Eg sit mykje og strikkar og ser TV og det er no greit nok. I morgon må eg i alle fall ned i banken og få meg ein bank I D, for den gamle har kollapsa. Bank ID må ein  ha både for å komme inn i banken, og mange andre stader t.d Helsenorge.

Skulle vore på VØR også og fått vekk nokre sekkar, men eg får sjå kva det blir til. Ønsker meg litt finare ver, blant anna.

Lenger ute  gata bur ein tysker som heiter Jørn til etternamn . Han har hage-nissar i hagen sin, mange fleir enn det vi ser her. Litt artig skikk.


Dette var synet som møtte meg då eg kom opp steintrappa i dag. Alle dei fine blå lupinane kom slett ikkje til sin rett.



Nytt kalenderbilde i dag.Bildet er av Ålesund. Det er ikkje så godt å sjå her.

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...