søndag, august 13, 2017

Dagbok 2017: 13.august

Klokka er20.20, temperaturen er + 12 grader C og sola skin. Det gjorde ho ikkje tidlegare i dag, det har regna det meste av dagen, og somme tider har det bøtta ned. Men når kvelden kjem, skin sola. Dette er blitt ein vane. Det vart så fint at eg måtte ut og ta nokre bilde. Men eg kjende at det var kaldare enn det har vore siste tida.
I dag sov vi godt og lenge; det var første helga utan vekkerklokke sidan april månad. Nils var i brukbar form, og han synest å merke litt betring i den vonde foten. Elles er stoda som før, og så lenge han er såpass frisk er vi fornøgde.
Sidan eg ikkje skulle jobbe ute i dag, tok eg og baka brød før middag, sette to deigar og laga til saman 6 brød. Det skulle halde ei stund. Det vart litt logistikk på kjøkkenet, for eg laga svinekotelettar som eg skulle steike ferdig i steikomnen. Ut med brød-inn med kjøt og v.v. Eg rota og styrte såpass at eg måtte vaske opp med hand i tillegg til ei full maskin. Etter at vi hadde ete blei det pause til HBO-en hadde vore her. Då vart det kaffi og is.
Nils skulle sjå fotball på TV, så eg sette meg inn til datamaskina og høyrde lydbok, mens eg festa trådar på tre par lester og la opp nytt "spøt". Solveig kjøper garn til meg, og får det att i form av lester. Eg held meg til enkelt handarbeid, for eg kan sjeldan sitte i ro lenge om gongen, og viss ei strikkar meir avanserte ting, må ein ha lengre stunder.
Var ute og kika litt i hagen, og ser at det er to ting som trivst godt i år, det er gras og ugras. Det er ikkje mange dagar sidan eg reinska i garasjebedet, men no var der fullt av vassarv, Rosene likar ikkje regn, men dei blomstrar i alle fall.


Og då er plommetreet borte og hola er fylt med mold og sådd til med grasfrø. Eg har lagt ein planke over så ikkje kattane skal grave der med det første.



Eg rydda pent opp i går kveld etter at Solveig og Øystein hadde fare heim, så det som no står att er å kløyve opp kubbane til ved. Vi har heldigvis ein god vedkløyvar som eg er vand til å bruke, men det blir nok ikkje i morgon for då skal eg på styremøte i pensjonistlaget. Møtet tek til klokka 12.00 og varer vel ein time eller noko slikt. Viss nokon vil besøke Nils mens eg er vekke, er det berre å ringe på og gå rett inn. 

lørdag, august 12, 2017

Dagbok 2017: 12.august

Klokka er 20.00, temperaturen er + 15 grader, dagen begynte med regn og slutta med sol, det er slik vi har det her.
I dag har det meste dreia seg om hagearbeid, dvs. framhald av soga med plommetreet. Eg hadde grovt demontert treet i går, og då eg såg det att, lurte eg på om det kunne passere som ein slags hagefigur av det meir abstrakte slaget. Eg let treet stå, men mol opp greinene på kompostkverna og fylte diverse bos-sekker. Eg arbeidde flittig og gløymde både tid og stad, før det gjekk opp for meg at det kanskje nærma seg middag. Klokka var 14.00, og det er middagstida vår, og i tillegg venta vi Solveig og Øystein innover i 15-tida. I full fart steikte eg ein fiskepudding, som vart liksom -.middag , laga ei vaffelrøre og laga til kaffi. Då gjestane kom var vi klar til å drikke kaffi.
Øystein hadde nok ein baktanke med besøket, for det varde ikkje lenge før han stakk ut i garasjen og fann den elektriske motorsaga- og så gjekk han laus på treet. Eg var der og "hjelpte til". Det var hard ved og hard jobb for Øystein, men treet vart kutta opp i småbitar, som eg ein eller annan dag skal kløyve.
I dag hadde eg nok med å rydde opp, og få plassert avfallet i kompostbinge og sekker. Det er ca. 1/2 time sidan eg slutta av.
No skal Nils og ete ete kvelds og så skal vi ha ein roleg og fredeleg kveld. Nils har det relativt bra, sjølv om hofta plagar han. Men det må vere litt rart å sitte på sidelinja når eg tenkjer på alle trea vi to har felt i lag. Men bo ser eg at eg har lært mykje gjennom det samarbeidet-men det er noko heilt anna å jobbe to i lag. I morgon skal vi berre sløve og ikkje stresse med noko.

Viss de synest Øystein har ein litt rar ansiktsfarge- så er det altså ein orange hjelm.



fredag, august 11, 2017

Dagbok 2017: 11.august.

Klokka er ca. 20.00, temperaturen er + 17 grader C. Det har vore opplett og ein del vind i dag. Det er sjeldan det blæs her på Vallabøen, og når det først kjem vind, er det kraftige rosser, og stilt innimellom. Det var nok i ei slik rosse at plommetreet gjekk overende. Vi har tre opalplommetre, og i år har det vore utruleg mykje plommer på alle tre. Det har regna plommer i heile sommar, så eg trudde det ville bli passeleg mange til slutt. Det yngste av dei tre trea hadde dei største og finaste plommene, og det var det som kollapsa i dag. Eg kom og skulle nedom huset eit ærend, og trudde knapt mine eigne auge då eg såg kva som hadde hendt. Det var inga bergingsvon, for treet var nesten av heilt nede med rota. Eg har vore ute og demontert treet med saks og sag, men må nok bruke motorsag på resten. Nils har funne ut at eg sikkert kan bruke den elektriske. Lauv og greiner tek eg på kompostkverna, så har eg program for morgondagen.


I dag var ikkje Nils i god form frå morgonen av. Han la seg inn att på senga etter at han hadde ete frokost, mens eg støvsugde alle teppegolva.
Så fekk han dusje, reine klede og nytt smerteplaster, og då var han åt og kom seg. Eg fann ut at eg hadde tid til å farge håret og dusje før middag, så det gjorde eg.
I mellomtida gjorde eg ferdig ein stor porsjon erterstuing og fekk hatt den opp i porsjonsbeger for frysing. Litt åt vi av den til middagen i dag som var kjøttkaker i brun saus-frå frysaren. Vi må passe på å ete opp alle restar før dei blir for gamle.
Etter middag brukar vi å ha ein liten pause, men i dag gjekk eg altså nedom huset......Ikkje mykje pause på meg, nei. I grunnen hadde eg lyst å gå ut att litt seinare og ta fram kompostkverna, men så syntest eg det blei for trasig for Nils viss eg ikkje set meg ned i lag med han innimellom. Det kjem ein dag i morgon også ! No har Nils bestilt kveldsmat, og så blir det vel ein del TV utover kvelden. Det er stort sett TV-en som står for underhaldninga.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Etter planen skal Eirik komme heimover i morgon, men så blir det ikkje lenge før han reiser til Melhus. Ja, eit nytt skuleår/arbeidsår står for tur, og eg håper at alle lykkast med det dei har valt.


torsdag, august 10, 2017

Dagbok 2017: 10.august

Klokka  er 20.00, temperaturen + 14 grader og i dag har det regna meir og mindre heile dagen. Ikkje råd å gjere noko ute i dag, så eg er glad for alt eg fekk gjort i går.
Nils var ikkje så bra i dag som i går då han stod opp, men han kom seg etter kvart. Det er stort sett den hofta som plagar han, og den er ikkje blitt betre enno.
Før middag vaska eg ganske grundig badet og kjøkkenet, men støvsuginga vart utsett. Til middag åt vi restar frå i går, og maten var like god i dag.
Då eg skulle til å sette på kaffien etter middag ringde Margrete; ho og dei to yngste var i Ørsta og lurte på om dei kunne komme på besøk. Så då fekk vi drikke kaffi i lag og prate. HBO-en kom mens dei var der, og i dag fekk Nils ei sprøyte. Han skal ha sprøyte viss prøven er over 15-i dag var den 15,1. Det er fleire dagar sidan sist han fekk eit stikk.
Eg hadde avtale med Marit at vi skulle bort i Furene og handle klokka seks. Eg fekk sjå litt av "Kakekrigen" før vi for. Det regna noko aldeles forferdelig, både då vi køyrde bortover og enda meir då vi kom heim. Vi måtte sitte i bilen ei heil stund før vi kunne gå ut. Då var HBO-nr.2 komen, ho skulle eigentleg vere her klokka 20.00, men kom for tidleg. Det er heilt OK. Godt å sleppe morgonbesøket i alle fall.
Det er sørgeleg at vi ikkje kan få nokre fleire godvêrsdagar slik at eg får gjort meg ferdig med hagearbeidet for ei stund. Reknar med at den nye leigebuaren vår kjem snart og då ville eg det skulle vere orden rundt dørene.

onsdag, august 09, 2017

Dagbok 2017: 9.august




Klokka er 20.40, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin dag med sol og litt skyer og litt vind. Godt arbeidsvêr har det vore også, og i dag har eg vore nokså flittig. Måtte berre nytte finevêret til å få gjort diverse hagearbeid; husarbeidet kan eg ta når det er innevêr. 
Nils vakna frisk og rask i dag -og ingen ting er betre enn det. Hofta er framleis vond, men elles har han det bra.
Eg hadde litt arbeid på vent ute, så eg gjekk ut og saga opp diverse greiner til ved og rydda opp litt, brukte kantklipparen ved steinvegen, men så kom grasklipparen fram. Det var mindre enn ei veke sidan eg klipte plenane, men graset var langt og vått. Eg klipte med oppsamlar, men det såg ut som om eg hadde klipt bio. Mykje av graset låg att på plenen.
Då eg var ferdig med plenen rundt huset og opp mot vegen, gjekk eg inn og laga middag. I dag vart det kvit bacalao. Det er ein del arbeid med den retten og ikkje minst OPPVASK, så eg hadde ein diger hand-oppvask mens bacalaoen stod i omnen.
Vi åt uforskamma godt begge to - bra for Nils, men ikkje SÅ bra for meg. Etter ein liten pause gjekk eg ut att og klipte meir. No var det skråninga som stod for tur- og der klipte eg bio. Det var ganske tungt, for det har regna ein god del i det siste, så marka var eigentleg ganske vår. Gjekk inn og såg "Kakekrigen" i lag med Nils, før eg gjekk ut og fullførte.
Mens eg heldt på kom ei av naboane med bær frå hagen som ho hadde plukka til Nils, og sidan han hadde selskap for eg over plenen med oppsamlar, så no ser det litt betre ut. Det er meldt regn i morgon, derfor var eg litt på høgget i dag.
No har Nils besøk av ein annan nabo som stikk innom av og til. Nils er meir interessert i det som skjer i nabolaget og i bygda elles enn det eg er, så det er kjekt at der kjem folk  som veit litt om det som går føre seg og formidlar nyhende.


tirsdag, august 08, 2017

Dagbok 2017: 8.august

Klokka er19.40, temperaturen er + 16 grader C og det regnar litt av og til. Eg brukar å "jobbe" inne viss det er dårleg vêr og ute når det er fint. I dag vart det gjort lite både ute og inne.
I dag var det ingen mobil som spelte meg vaken, eg stod opp ein halv times tid seinare enn vanleg, men av eigen fri vilje. Sidan det var "dusje - og bytteplaster-dag" fekk Nils medisinen sin på senga, stod opp og åt litt før han gjekk i dusjen. På den måten slapp han å kle på seg to gonger. Han har ikkje vore så bra i dag, har verkt i hofta, men no i kveld tok han heilt frivillig ein smertedempande tablett. Så no har han det bra så lenge den virkar. No håper vi på at han skal bli betre etter kvart, legane på Åse sa at det ville gå eit par veker før han kunne vente betring.
Eg har berre gått rundt og surra i dag, var ute og rydda litt i hagen før middag. Hadde tenkt meg ut att, men så kom det regn. Etter middag sovna eg i stolen; eg blir trøtt i slikt grått vêr. Til middag hadde vi suppe frå i går, og til "dessert" var det pannekaker. Nils slapp sprøyte klokka 16.00 men HBO kjem att klokka 20, så då spørs det.
Eg har sett litt TV i lag med Nils, han kan no ikkje sitte der åleine heile tida, og så strauk eg litt klede innimellom. Klesvask og oppvask tek "hushjelpene" seg av. Vi har det etter forholda bra.

mandag, august 07, 2017

Bok nr.22 - 2017: Miss Blackpool

Miss Blackpool
Arbeiderjenta fra Blackpool tar London med storm.
Vi er i England på 1960-tallet. Da Barbara Parker blir kåret til Miss Blackpool, går det raskt opp for henne at hun ikke vil være missedronning. Hun vil få folk til å le, slik heltinnen hennes, Lucille Ball, gjør. Dermed reiser hun fra familien og hjembyen i nord for å søke lykken i London.
Barbara får jobb i parfymeavdelingen i et kjøpesenter i Kensington, samtidig som hun prøver å finne ut hvordan hun skal bli oppdaget. Et tilfeldig møte med en agent gir henne navnet Sophie Straw og muligheten til å komme på audition til en komiserie. Hun får rollen i en BBC-sitcom, og hele folket forelsker seg i henne og serien.
Men etter hvert begynner samarbeidet mellom de involverte i serien å by på utfordringer, og det skal vise seg at ingenting varer evig når livets prøvelser trenger seg på.
«... et forsvarsskrift for populærkulturen og et bitende oppgjør med kultursnobberi.»
Tom Egeland, VG

..................................................................................
Denne lydboka er på 8 CD-plater, men eg har brukt ei evigheit på å komme gjennom den. Eg har ikkje så mykje høve til å lese anna enn på senga, og då sovnar eg. Men eg vart heller ikkje fanga av boka på ein måte som gjorde at eg måtte lese den. På slutten fekk eg lese litt meir i samanheng, derfor likte eg den best. Margrete har skrive om boka før, så les heller hennar kritikk.

Dagbok 2026: 31.august

Endeleg kom sola, seint på ettermiddagen fekk vi endeleg   nokre etterlengta stålar, men betre seint enn aldri   Klokka er no 20.21, tempera...