mandag, august 07, 2017

Dagbok 2017: 7.august

Klokka er 19.35, temperaturen er + 15 grader C, og det regnar litt. Tidlegare i dag var det lettskya og fint, med temperatur rundt 20 grader +.
Det har ikkje skjedd all verda i dag, men vi har hatt besøk av tre HBO-ar + kreftkoordinator Solfrid. På sjukehuset på Åse syntest dei ikkje det var naudsynt å måle sukkeret til Nils tre gonger dagleg, så no har vi fått ordna det slik at vi slepp morgon-målinga. Då slepp vi å ha på vekkarklokke, og kan stå opp når det passar. Han har aldri hatt høgt "sukker" om morgonen. Og no har det vore fleire dagar utan sprøyte. Elles er han om lag som før, han har det rimeleg bra, men får vondt i hofta når han beveger seg; sit han i ro er han nokså smertefri.
Eg har drive og jobba ute innimellom besøk og matlaging. Eg har skamklipt ei laurbærhegg-buske, og male opp greinene og fylt i sekker. Meininga er å ha det bort på VØR med tid og stunder, og når eg mel opp greinene blir ikkje volumet så stort. Hadde eit par -tre timar ute før middag, og ei stund på ettermiddagen også. Rett etter middag la eg meg ut på altanen og sovna.
Middagen i dag var lettvint og grei: Toro ertersuppe + restar av steik og skinke+ grønsakblanding, m.a.o. ei slags spikersuppe. Nils har ikkje all verda til appetitt, men set veldig pris på is. På Spar fann eg sukkerfri is, same sorten som Bodil hadde med då dei var her, så no kan han ete dessert med godt samvit. Og før eg gjekk i hus i kveld plukka eg stikkelsbær til han. Helst ville han vore ute og ete bæra rett frå treet, men det går ikkje.
No skal eg dusje og vaske håret, for eg ser ikkje ut etter hagearbeidet mitt. Eg har litt vondt i skuldrane etter jobben, så eg er ikkje sikker på om det blir strikking i kveld, men eg skal i alle fall lese dei to siste spora av den boka eg har halde på med i ei evigheit.

søndag, august 06, 2017

Dagbok 2017: 6.august

Klokka er 20.00, temperaturen er + 18 grader C, det er overskya opphaldsvêr. Ganske behageleg, faktisk.
I dag har eg ikkje mykje å skrive om, det har liksom ikkje hendt noko -og det er kanskje det beste?
Vi har hatt tre besøk av HBO-som vanleg-men Nils har ikkje fått ei einaste sprøyte. Han har vore i bra form, men er sjølvsagt låk i hofta enno. Han sov litt på føremiddagen etter å ha tatt medisin, som vanleg, og etter middagen sov vi begge to.
Sidan Nils er i god form om kveldane likar vi å vere oppe, og når vi må stå tidleg opp, må vi ha ein blund midt på dagen. Vi bestemmer sjølve kva døgnrytme vi legg opp til.
I dag hadde vi ovnsbakt laks med rømme og agurksalat til middag. Kjøpte ein pose nypoteter i går-under tvil- men dei var ikkje så verst. Nils har bra appetitt, så han får nok i seg nok mat.
Eg strikka litt og høyrde lydbok på data- mens han såg fotball. Kjenner at eg ikkje må strikke for mykje, det kjennest i skuldrane.
I dag, 6.august, tenkjer eg spesielt på ein av naboane som hadde fødselsdag på den datoen. Ho var fødd samme året som eg, men det er fleire år sidan ho døde. Ho var eit samlingspunkt i nabolaget, og eg trur knapt vi har vore samla alle etter at ho vart borte.
Så er det også datoen då atombomba vart slept over Hiroshima. Det var ei grusom hending -og no er det igjen snakk om å bruke slike bomber i krig. Ein får berre håpe på at dei som styrer i verda brukar vit! Eg skal sjå om eg finn ein gammal button med "Nei til atomvåpen".

lørdag, august 05, 2017

Dagbok 2017: 5. august




Klokka er 21.15. Temperaturen er + 16 grader C og det har regna mykje i dag, no mot kveld er det sjølvsagt litt lettare. Synd med regn og skodde for dei som skulle på Saudehornet- for oss som held oss inn for det meste, har det ikkje så mykje å seie.
Dagen i dag har gått med til dagleg rutine, med husstell, matlaging etc. Nils var nokså bortreist først på dagen og sov mykje. Han kom seg etter kvart, som vanleg, og er i bra form når kvelden kjem. I dag har han fått dusja og stelt seg, det er travelt for han, men godt når det er gjort. Han har også ete bortimot normalt. Vi åt spekemat til middag; det er lettare for han å drikke nok når han blir tyrst.
Eg har ikkje gjort så mykje utan om å stelle hus og pasient. Strikka litt innimellom. Klokka 17.30 kom Solveig og vi var nedover og handla. Eg skulle som vanleg ikkje ha noko særleg, men enda opp med ei pappkasse + tre berenett med matvarer. Som vanleg. Hugselista låg att på kjøkkenbenken, men eg hadde gløymt berre ein ting.
No høyrer eg at Nils snakkar i telefonen. Eg vart sittande her ved datamaskina fordi eg fann ein IQ-test. Etter å ha streva meg gjennom den, fekk eg ikkje resultatet ein gong.
Slik går no dagane. Vona er at Nils etter kvart skal få mindre smerter, så kan ein kanskje redusere medisinbruken- vi veit ikkje meir. Men vi får ta dagane som dei kjem og prøve å gjere det beste ut av situasjonen.
Bildet: For eit par veker sidan var Olaug og Øystein på Saudehornet. I dag er Olaug i Milano, og Øystein er heime. Den vesle toppen midt i bildet er fjelltoppen vi ser frå trappa vår. Den heiter Vallahornet. Slik set det ut i kveld.

fredag, august 04, 2017

Dagbok 2017: 4.august

Klokka er snart halv ti. Temperaturen ute er + 16 grader C. Det regnar litt av og til, men det er minimalt. Håper vêret vert brukbart i morgon når det er "Saudehornet rett opp". Det er visstnok mykje som skjer i Ørsta for tida, men vi merkar lite til det her oppe i bakkane.
I dag har eg ikkje vore så aktiv. Var ute i hagen og jobba litt før middag. Nils ringde og sa at han skulle reise frå sjukehuset i taxi i 12-tida. Eg torde ikkje lage til noko mat, for eg visste ikkje korleis det var med appetitten, ein er ikkje heilt i form etter ei slik strålebehandling, og denne gongen strålte dei eit stort område. Det var godt at han fekk vere på sjukehuset ein dag ekstra slik at han fekk væske intravenøst, og elles vart sjekka grundig før han vart send heim. Han har framleis vondt i hofta, men det vil truleg bli betre etter kvart. Vi håper i alle fall det. Elles er han trøtt og har dårleg appetitt, noko han var budd på. Det kjem seg nok etter kvart.
Margrete og ungane (dei to yngste) var i Ørsta i dag og ringde og spurde om dei kunne komme oppom. Dei kom om lag samtidig med Nils.
Han var litt medtatt etter turen i dag. Utover til Åse fekk han sitte framme i ein ny bil med gode sete, men heimturen var av ein heilt annan klasse. Han hadde sete vondt i ein ikkje altfor god bil. Når ein har vondt i hofter og rygg MÅ ein sitte godt.
Etter at Margrete &Co var reist, laga eg suppe til han, det var det einaste han ville ha, og så la han seg på dagsenga og sov litt. Eirik kom innom etter arbeidstid for å seie "ha det" før han reiste i lag med kameratane sine til Gardermoen - og vidare til Rhodos, der dei skal vere til neste laurdag. Den 20. august skal han begynne på folkehøgskule på Melhus sør for Trondheim. Etter at Eirik hadde fare att, la Nils seg ned og sov ei stund til
Olaug og Alexander skal reise frå Roma til Milano; Solveig og Øystein skulle lande på Vigra klokka 18.00 i kveld, så eg reknar med at dei er heime no. Birte og Håkon er vel også komne heim, men har ikkje vore her enno. Det er eit heilt styr å halde orden på alle.
Det vart som ein liten ferie for meg å vere her åleine eit par dagar, men i dag var HOB-en på plass igjen. På sjukehuset meinte dei at å ta "sukkerprøve" tre gonger for dag var å overdrive. Eg skulle ønske vi slapp den om morgonen, for det har ikkje hendt at han har fått sprøyte då. Då kunne eg sleppe å ha mobilen på vekking. Vi får høyre om det kan gå an.
I dag har eg tenkt mykje på mamma. Det er 26 år i dag sidan ho døydde, 87 år gammal. Mykje har hendt både i verda og i familien desse 26 åra-både av godt og mindre godt. Mamma var på ein måte heldig som slapp å bli liggande sjuk lenge, og som heller ikkje vart dement. Ho var "oppegåande" like til det siste og følgde med på det som hende i verda - i aviser og på TV. Særleg var det fotball som engasjerte henne. Sjølvsagt saknar ein foreldra sine, men saknet vert mindre etter kvart. Og no er det vi som er gamle.
Ønsker alle ei fin helg.

torsdag, august 03, 2017

Dagbok 2017: 3.august


Klokka er 20.00, temperaturen er+21 grader C og det har vore fint vêr i heile dag. noko som passa meg fint når eg er her åleine, for då kan eg vere ute heile dagen.
I dag hadde eg planer for plommetrea. Dei er så fulle av plommekart at greiner og kvistar brekk. Eg utstyrte meg med saks og sag og gjekk laus på trea. Tidlegare i sommar slutta kompostkverna å virke, men Rasmus fiksa den, så derfor kunne eg male opp både kvister og lauv til kompostering. Det har vi gjort i alle år, har knapt levert hageavfall på VØR. Men då eg slo av kverna ei lita stund, fekk eg den ikkje i gang att. Eg veit kva eg må gjere-det var berre det at eg ikkje fann skiftenøklane. Eg leita i garasjen der dei plar vere-men nei. Eg sende melding til Rasmus og spurde om han visste noko. Nei, han hadde berre brukt sitt eige verktøy då han var her. OK, så tok eg og klipte alle plenane, dvs. heile tomta med grasklipper. Det er herleg og sveitteløysande arbeid. Etterpå bevilga eg meg litt mat, og ikkje minst drikke.
Sat og strikka ei lita stund, men så kom der ein tanke dalande ned. Kva hadde eg leita etter ute i garasjen? Noko gult ! Ja, skrujerna er gule, men det er ikkje skiftenøklane. Eg gjekk ut i garasjen og sette på lyset -og der var dei ; akkurat der dei skulle vere. Då eg fekk skrudd opp kverna fekk eg sjå kva som var problemet. Eg hadde male greinene med plommene på, så der var det reine skire plommegrauten. Eg fekk reinska opp og sett i hop maskineriet igjen, og under over alle under-den funka. Derfor måtte eg klippe meir greiner her og der -heldt på så lenge der var plass i baljen. Men no har eg tatt kveld.
 Eg har snakka med Nils fleire gonger i dag. Eg fekk tidleg vite at han skulle vere på sjukehuset til i morgon, dei ville ha han til observasjon etter strålinga sidan det var såpass stort område som skulle strålast. Vi vart einige om at det var ingen vits i at eg kom utover i dag. Men blir han verande der lenger tek eg truleg ein tur i morgon. Når dei får strålebehandling er det viktig at dei får i seg nok væske, men det er vanskeleg å få til å drikke nok, derfor fekk han væske intravenøst i dag, både før og etter strålinga. Eg snakka med han etter at han hadde stråla og då var han heilt bra, men ein kan ikkje sjå bort frå at der er nokre biverknader første dagane etterpå. Eg føler meg trygg på at han har det godt der han er no, og får det stellet han treng; det ville ikkje vere kjekt om han kom heim og vart dårleg her, så han måtte leggast inn i Volda. Det var det som hende første gongen han stråla. Når eg kavar på med utearbeid, blir eg ikkje sittande å gruble.
PS: Han ringde ca. 21.30, og det stod bra til. Planen er at han skal kome heim med drosje i morgon. Om ikkje noko uforutsett dukkar opp.

onsdag, august 02, 2017

Dagbok 2017: 2.august


Klokka er 15.40 og sola kom nettopp inn vinduet ei lita stund. Temperaturen ute er +19 c, men det kjennest kaldt ut, sidan det blæs litt og det er nokså skya. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att, og no ringde Nils. Han var i kjempeform etter å ha hatt seg ein god lur.
Drosjen var bestilt til klokka 8.00 i dag tidleg til Nils med følge. Det er HBO som ordnar opp. Vi var tidleg oppe og stod klar klokka 8.00, men drosjen kom eit kvarter for seint. Men sjåføren hadde visst tenkt å rekke ferja(Det hadde ikkje gjort noko om vi måtte ta ei seinare ferje) -det gjekk i nærmare 100 km i timen det meste av vegen-han slakka litt ned tempoet på Vartdal, elles var det full fres. Men han hadde god bil og var flink å køyre, så vi hadde inga naud- og ferja rakk vi . Han køyrde heilt til inngangen, og eg smatt inn og henta ein rullestol. Eg har rutine på mange ting no. Vi vart vist til 2.etasje på Kreftavdelinga der vi vart godt mottekne av ein vaksen sjukepleiar som vi snakka med. Eg hadde tatt med dosetten med medisinane, og forklarte både det eine og det andre. Mellom anna om målinga av insulin, noko som kanskje ikkje stod i papira. Ein hyggeleg lege kom også innom og orienterte og fekk orientering. Nils slappar heilt av når det gjeld medisinane, det overlet han til meg å halde orden på.
Vi fekk kaffi og litt seinare tomatsuppe og brød til lunsj. Så var vi ned i første etasje der det vart tatt CT, der har vi vore før. Han som stod for CT-en gav også god informasjon. Nils skal ståle i morgon klokka 14-14.30 om alt går etter planen.
Eg kunne fått overnatta om eg ville, dei baud til å sette inn ei ekstra seng, men verken Nils eller eg tykte det var nødvendig. Han var trøtt og ville sove, og så kan han ligge i senga og sjå TV. Han har eige bad og får god hjelp, så eg gjer betre nytte for meg her heime.
Eg tok bussen frå sjukehuset til Ørsta, det har eg gjort så mange gonger før, i lag med Nils. Meininga var å gå heim, men så møtte eg Marit G. og ho snudde bilen og køyrde meg heim. Det var litt godt, for eg var låk i foten og hofta sidan eg har sete det meste av dagen.No skal eg finne meg litt mat, og så tek eg det derifrå. 
Nils hadde hatt besøk av enda ein lege som hadde undersøkt han. Han meinte det skulle gå heilt greitt å stråle. Eg seier som eg har sagt før, det er utruleg mange flinke og hyggelige folk i helsevesenet i Norge.
Bilda er tatt med steinalder-mobilen min. Det var fantastisk fin utsikt frå rommet Nils hadde fått-det kjem ikkje så godt fram på bildet.

tirsdag, august 01, 2017

Dagbok 2017: 1.august



Klokka er19.30, temperaturen + 17 grader C og i dag har vi hatt regnbyger, men mot kveld skin det delvis opp-det er typisk. 
Denne dagen har sprunge frå meg utan at eg har fått utretta så mykje. Det begynte med litt datatrøbbel....og då veit de at det tek tid.
Marit skulle på Coop i Furene og handle og spurde om eg ville vere med. Vi likar godt å handle i lag, men det går litt meir tid enn med dei unge shoppingassistentane mine, for vi må sjå på litt av kvart. Eg skulle ikkje ha så mykje i dag, men kom ut med tre tunge nett. No skal det seiast at eg bunkra opp med melk, både søt og sur.
Då vi kom heim leid det så langt at eg måtte henge i for å få middagen ferdig til rett tid. Heldigvis hadde eg gjort klar makrellen i går, men så måtte eg skrelle poteter.. ...Den steikte makrellen var utruleg god, og vi åt opp alt saman. Men så var det lukta ! Eg lufta og lufta, gjennom dører og glas. Så vaska eg "rundt" på kjøkkenet, med eddikvatn, mellom anna. Men neste gong eg steiker makrell skal eg legge ledning ut og bruke kokeplate. 
Vi fekk ikkje tid til å drikke kaffi før HBO -en hadde vore her.
Det er i morgon Nils skal til Åse. Eg var usikker på om eg skulle vere med, men det var bestilt drosje- med følge. Nils skal på CT i morgon og gjere klart for stråling, han skal ligge på sengepost i andre etasje på kreftklinikken til torsdag, då får han stråle og så blir han sendt rett heim. 
Det eg ikkje veit er om eg også skal overnatte. For sikkerheits skuld får eg ta med meg tannbørsten og andre nødvendige ting. Viss eg skal vere der får dei skaffe meg seng og mat, eller så tek eg bussen heim. Det er ikkje noko problem. Det går buss kvar time. Han/vi får drosje heim att også. Dette kan vi. Har hatt såpass mange turar både hit og dit.
Eg må pakke til Nils i alle fall og ha med medisinliste, det er mykje å passe på, og eg har tatt på meg eit visst ansvar for medisinen.
Nils har vore i bra form i dag, så eg trur det skal gå bra. Og der ute får han kvile seg og får godt stell, det er eg sikker på. Så er det berre å håpe på at strålinga har den forventa verknaden, og at han ikkje blir dårleg etterpå.
Det som er så kjekt med desse HBO-ane som er innom er at vi kan sende beskjed med dei, så vert det meste ordna. Vi har eit bra helsevesen her i landet, men vi høyrer stort sett berre om dei som er misnøgde - ikkje så mykje frå alle dei som synest dei får bra sørvis.
Margrete og ungane er attkomne frå Irland, Solveig og Øystein kjem vel frå Roma i morgon, Håkon og Birte kjem heim frå Hellas på torsdag. Olaug og Alexander er i Roma no. Eirik skal på ferietur i lag med kameratar, men eg veit ikkje kvar dei skal. Det er eit heilt styr å ha oversikt over alle.
No må eg til å førebu meg, drosjen kjem klokka 8.00 i morgon tidleg, så då blir det å stå tidleg opp. Altfor tidleg for slike som meg.

Det er eit underleg lys ute i kveld. Desse bilda tok eg kl.22.30.

Dagbk 2026:30.august

 Klokka er no19.44, temperaturen ute er + 12 grader , det er overskya og det har regna, Eg har vore inne heile dagen, og eg har vore her åle...