fredag, juli 14, 2017

Dagbok 2017: 14.juli

Nils ser TV. Har tatt bildet med nettbrettet.

Klokka er 20.30, temperaturen var oppe i + 18 grader for ei lita stund sidan, så no får vi ei kjensle av sommar her også. Den siste HBO-en har vore her, ho er frå Litauen, og veldig søt og hyggeleg, det er dei alle.
I dag har eg vore rimeleg flittig. Fekk gjort ein del husarbeid før Marit og eg for på Coop og handla i 13-tida. Eg hadde eit litt spesielt ærend, skulle ha nokre havregryn til Nils. Kjøpte nokre på ein annan butikk, dei likte han ikkje. Men eg handla mykje anna også, trur aldri eg har handla så mykje kolonialvarer på ein gong før. Marit stakkar, måtte hjelpe meg å få alt inn i bilen. No er det ikkje berre fordi vi ventar gjestar at eg handlar mykje, eg likar å ha eit lite matlager både i frysaren og kjøleskapet. Men det er ganske mykje strev med å plassere alt når ein kjem heim att. Måtte kvile meg litt før eg tok meg på tak og laga ei kake.
Solveig kom innover i ettermiddag/kveld, så eg kunne ha handla med henne, men det var no kjekt å berre prate og drikke kaffi for ein gongs skuld. Ho hadde med seg ein stor pose med nybakte bollar, noko som smakte særdeles godt sidan vi ikkje hadde ete skikkeleg middag i dag.
Nils har vore i bra form i dag også, og sat ute på trappa og prata med naboar mens eg var vekke. Legen som vi snakka med i Volda i går ringde. Han har bestilt stråling på Åse, og ventetida er ikkje lang, men det blir ikkje komande veke. Då vil dei stråle heile området med rygg og hofter. Det vil dempe kraftig på smertene. Han har lite smerter når han sit eller ligg, men har problem med å bevege seg.
I dag fann eg att nettbrettet mitt. Eg har leita alle stader der eg kunne tenke at eg hadde lagt det, utan resultat. Men så fekk eg ein idé mens eg sat ved datamaskina, eg strekte berre ut høgre handa og der låg det. Oppå ein stabel med bøker inne i bokhylla. Ca 10 cm frå albogen min her eg sit og skriv.
Rasmus kan glede seg til å komme på besøk, for vi har klar ei heil liste med ting som han må hjelpe oss med. Vi ser i alle fall fram til å få heile familien hit.
I dag er det mamma sin fødselsdag og Rasmus og Wenche sin bryllaupsdag. Eg tenker alltid på jordbær i samband med mamma sin bursdag, men dei små knaltrane nede i åkeren vår er ikkje mykje å skryte av.Det er seint alt i år, men no håper eg sommaren kjem.

torsdag, juli 13, 2017

Dagbok 2017: 13.juli

Hyttestemning på Rasmus sitt gamle rom.

Klokka er 20.45, og sola skin frå nesten skyfri himmel. Dagen i dag har ikkje vore heilt som vanleg , så eg forstod ingenting då den siste HBO-en kom klokka 20.00. Eg var ikkje komen SÅ langt på dag.
I dag skulle vi bort att på sjukehuset klokka 12.00 -akkurat som i går. Eg prøvde å få gjort litt før taxien kom ein halv time før. Det er reine skire luksusen for oss å få vere på biltur-sjølv om ærendet ikkje er så kjekt.
Vi måtte vente ei stund før vi slapp inn til legen, men på venterommet trefte eg ei som eg jobba i lag med for mange år sidan, det var lenge sidan vi hadde hatt kontakt, men fann fort tonen.
Grunnen til at Nils har vore på CT og til lege no, er at han har fått meir vondt over hofter og rygg enn før, og ville gjerne stråle bort smertene. Derfor måtte han gjennom ei ny undersøking. Kreften, prostatakreft, går sin gang, men har ikkje spreidd seg til anna enn skjelettet, og det har ikkje forverra seg særleg sidan mars månad. Han tok blodprøver også i går, blodprosenten har stige, og infeksjonsverdiane er nesten ingen ting. Ingen av dei indre organa som nyre eller lever er angripne.
Dei skal søke til Åse om å få stråling for smertene, inntil vidare får han sterkare smerteplaster (mitt forslag ) og smertestillande tablettar. Vi var nøgde med det vi fekk vite og så får vi ta imot dei gode dagane-utan å tenke altfor langt framover.
Då drosjen endeleg kom, fekk vi vite at vi måtte dele den med ein annan mann og kona hans. Dei skulle til Åmdalen. Sjåføren spurde om vi skulle køyre rett til Starevegen, eller om vi ville vere med frampå dalen. Sidan Nils hevda at han sat godt blei vi med på tur, eg tenkte det kunne vere kjekt for Nils å få sjå noko anna enn TV-skjermen. Det mest spennande vi såg var byggeprosjektet med ny "Høgebru". 
Då vi hadde sett av åmdølene, fann sjåføren ut at vi kunne køyre Melsvegen ned att, så då fekk vi sjå enda meir av verda. Og god underholdning hadde vi heile vegen.
Med det samme vi kom heim ringde vi til Eirik. Vi hadde snakka med han før på dagen, og avtalt at han skulle komme med ei rammemadrass til oss. No ventar vi nemleg Rasmus med familie på besøk. Det er nesten ikkje til å tru! Vi plar gjere det slik når dei er her at Nils og eg flyttar ned i kjellaren, men det går ikkje no. Derfor måtte eg tenke litt nytt. Eg stolar alltid på augemålet mitt, så eg trudde der var plass til ei madrass på 90 cm, og det var der. Den kunne faktisk vore 4-5 cm breiare. Eirik monterte "føter" på madrassen, det var også han som bar den på plass. Så han fortener stor takk og ære.
Etter at vi hadde ete middag, eit par timar for seint, kvilt litt og drukke kaffi, sette eg i gang med å strekke på sengetøy.(Golvet hadde eg vaska på føremiddagen) No er det ikkje noka stor sak å reie opp fem senger, men eg hadde rydda vekk alt sengetøy og lagra i diverse skap, så eg sleit litt med å finne det eg skulle ha, men no er det i orden. Gjestane får disponere eit rom i hovudetasjen også-ikkje alle skal i kjellaren. 
Rasmus reiser heimanfrå i morgon, men tek ein stopp på vegen. Reknar med at han set att campingvogna der. Vi gler oss veldig til å sjå dei att, alle fem, og håper på fine og gode dagar.
I dag er det eitt år sidan Solveig samla heile storfamilien på Hareid, ein dag som blir ståande i minneboka .

onsdag, juli 12, 2017

Dagbok 2017: 12.juli


Klokka er 19.15, temperaturen er + 13 grader C og i dag har det veksla mellom kraftige regnbyger og streif av sol.
Denne dagen har vore litt annleis enn vanleg i og med at vi skulle til Volda. Taxi var bestilt til klokka 11.30.
Men før den tid fekk eg sett på vaskemaskina, skrella poteter, tatt opp kjøttkaker frå frysaren, dusja og vaska håret etc. i tillegg til det vanlege morgonstellet. Nils var heldigvis ikkje så altfor slapp, og det var bra. I dag var det berre CT på sjukehuset, resultatet får vi i morgon, då skal vi bort att til samme tid. Taxisjåførane er hjelpsame, og eg har rutine med å hente rullestol etc. Nils er klår i toppen og veit kvar alle ting er-for meg er heile sjukehuset ein labyrint. Det var fint med ein biltur i dag, det er tre mnd. sidan Nils var i Volda, eg har no vore er ein tur i mellomtida. På heimvegen hadde vi med oss ein annan pasient som skulle bort i Hovdebygda, så i dag fekk vi sjå oss litt om i verda. Nils klarer å sitte i ein bil, men blir fort trøtt i ryggen. Men i godstolen kan han sitte heile dagen.
Då vi kom heim laga eg middag i ein fart, vi åt godt begge to og sovna i kvar vår stol.( Eg sov veldig dårleg sist natt.) Seinare kosa vi oss med kaffi og is-etter at Nils hadde fått sprøyte.
Vi var heilt lens for brød, så eg hadde tenkt meg på butikken ein tur- eller så måtte eg bake. Hadde i grunnen mest lyst på butikken, men så kom det nokre voldsomme byger som gjorde at eg bestemte meg for baking. No står tre store brød i omnen, eg tok ein ganske stor oppvask med hand, før eg moppa golvet. Eg har følt meg så slapp og sliten nokre dagar, men i dag følte eg at noko av energien kom tilbake. Men eg tek meg no tid å sjå TV i lag med Nils, for elles synest han at eg spring heile tida mens han berre sit i ro. Han har så lyst å vere i aktivitet han også.....I dag har vi sett "Kakekrigen" og så blir det vel litt av kvart anna utover kvelden. Og snart kjem den siste HBO-en for i dag. Vi har hatt ein bra dag i dag.

tirsdag, juli 11, 2017

Dagbok 2017: 11.juli

Klokka er 19.40, temperaturen ca. +14 grader C og no regnar det ute. Før middag var det nokså fint vêr, med glytt av sol. Då var eg inne og rydda og støvsuga. Nils var litt "sløv" så han fekk ligge på dagsenga mens eg styrte på. Eg laga tidleg middag. Og i dag gjorde eg noko eg aldri har gjort før, eg fileterte ein liten sei. Kan ikkje skryte av resultatet, men eg rubba av "reistet"(rikslet, seier vi i Nordfjord) og steikte den med skinnet på. Nils var veldig fornøgd både med maten og med at han slapp å filetere. Han er no eigentleg ein meister i faget, men han får det ikkje så godt til lenger. Kor mange tusen fiskar han har skore filet av er det ingen som veit.
Etter middag var eg trøtt og sovna i stolen ei stund, før eg gjekk ut og klipte plen. Klipte opp mot vegen og rundt huset, ei lita runde ned i skråninga vart det også. Så det er ikkje så mykje som står att. Så laga eg kaffi og fann fram litt kake, etter at HBO hadde vore her klokka 16.00.Dei tok blodprøver i dag tidleg, blodprosent og infeksjonsverdi. Etter det vi forstod var prøvane fine. HB var over 11 i alle fall.
Eigentleg skulle eg ha vore på kafé med venninner i dag, men hadde så mykje å styre med her heime at eg stod over.
I morgon skal eg vere med Nils til CT i Volda. vi får Taxi begge vegar. Dagen etter skal vi bort att til samtale med legen. Det blir nok slitsomme dagar for Nils, men han vil no gjerne få hjelp med hofta si. Han verker heldigvis ikkje når han er i ro, berre når han skal bevege seg. Han brukar rullatoren når han skal forflytte seg. No ser har 4-stjernes middag så eg må sette meg inn og sjå i lag med han.

mandag, juli 10, 2017

Dagbok 2017: 10.juli

Klokka er 20.00, temperaturen er + 16 grader C, det er lettskya og litt sol.
Typisk at vêret kjem seg ut på dagen og er finast om kvelden.
I dag tok vi det litt med ro før middag, Nils hadde sove godt om natta og var i bra form. Det er det viktigaste. Elles visste vi at Ingeborg skulle komme med flyet frå Oslo i 16-tida. Ho og Margrete ville komme hit og helse på oss før dei reiste over fjorden. Så bestemte Amanda og Erlend seg for å vere med også. Eg laga ei stor prinsessekake, fordi eg veit at Ingeborg er glad i det. Elles tek vi alt så enkelt som mulig. Eg rekk ikkje over alt som eg gjerne vil gjere.
Flyet var litt forseinka så klokka var bortimot 17 då dei kom. Etter arbeidstid kom Eirik også, og Margrete tok bilde av morfaren og barnebarna med den nye mobilen sin. Eg har vore sigande trøtt desse siste dagane og i dag sovna eg minst ein gong etter at vi hadde ete middag. Eg trur eg må skulde på vêret- eller kanskje eg er begynt å bli gammal og sliten? No har den siste HBO-en vore her, Nils har funne seg ein fotballkamp og eg kan finne fram strikketøyet mitt. Det har vore ein god dag.

Roser frå Ingeborg


søndag, juli 09, 2017

Dagbok 2017: 9.juli

Klokka er 19.30, temperaturen er + 15 grader og sola er så vidt framme. Nokså typisk her hos oss at vêret er best om kvelden. Før i dag har det vore overskya og regnbyger.
For å seie det kort har denne dagen vore "time out" for oss begge-fordi vi trong det. Vi har sløva og sove kvar sin gong. Nils var ikkje i form før middag, noko som er heilt normalt, men han vart såpass etter ei stund at han fekk dusja, barbert seg og fekk nytt smerteplaster. Det siste er noko som skal skje kvar tredje dag.
Ein jobb hadde vi- vi slakta laksen som vi fekk på fredag. Trur det er første gongen vi har styrt med slikt på kjøkkenet. Nils har alltid brukt å filetere fisk i garasjen eller kjellaren. Men han greidde i alle fall å skjere ut filetane, og det blei fire middagar til oss. Den første hadde vi i dag. Vi har fått smaken på å bake fisken i steikomnen, det er veldig lettvint og godt.
Nils har sløva og sove mykje i stolen sin i dag, men då han vakna til live utpå ettermiddagen - då sovna eg. Så håper vi på å få ein god kveld med TV, prat og strikketøy.
Nils har vondt i hofta, men berre når han bevegar seg, heldigvis. I dag fekk eg han på trua til å bruke rullatoren i staden for "slingre" over golvet.
I dag har eg stort sett gjort ingen ting, utanom å lage middag og strikke ferdig ein lest. Godt med ein kviledag innimellom.
No ventar vi på siste HBO-en, og så er kvelden vår.

lørdag, juli 08, 2017

Dagbok 2017: 8.juli




Klokka er 20.00, temperaturen er +15-16 grader C og det ser ut til at det klårnar opp. Tidlegare i dag har det vore skya og litt regn.
Denne dagen har gått fort, som dei fleste andre dagar. Nils var litt sløv på føremiddagen, men kom seg etter kvart - i dag også.
Eg ville til Vik i dag, fordi eg hadde ærend og ville kombinere med litt mosjon. Første stopp var urmakaren, han stilte fort diagnosen på klokka mi, det var berre batteriet som var utbrukt, eg fekk nytt batteri så no er eg tilbake i tida. Eg var på apoteket, og for ein gongs skuld var det eg sjølv som trong medisin. Eg var nemlig lens for allergimedisin- og klødde overalt.
Sidan eg var på Amfi tok eg ein runde i begge etasjane, men kjøpte ikkje noko.  Eg trefte mykje folk og alle vil vite korleis det står til med Nils, og det forstår eg. Eg synest det er kjekt at folk tenker på han og saknar han. Eg gjekk opp Vikegeila heim att og der trefte eg ei gammal kollega-veninne. Ho hadde stolar ute, det var godt å kvile litt. Og vi hadde mykje å prate om.
Margrete ringde, då var ho på veg over fjorden, så ho lurte på om eg trong skyss/ handlehjelp. Det gjorde eg ikkje, men sa at ho måtte komme likevel.
Då fekk eg fart på meg og gjekk beine vegen heim, langs elva. Der har eg ikkje gått sidan Nils kom heim, men då han var på sjukeheimen gjekk eg der kvar dag.
Nils og eg begynte å ete på restar frå i går, Margrete kom og joina oss, og då vi var ferdige kom Eirik på besøk. Han slutta på jobben klokka 15.00 sidan det er laurdag. Der var mat att til han også! 
Så måtte vi drikke kaffi og prate ei stund.
No har alle HBO-ane vore her, og vi får vel benke oss framfor TV-en. Nils har no delvis sett fotball og så er det nyheiter. Dagane strekk ikkje til.

Bilda øvst på sida er frå Trovåg i Solund, der Nils kjem frå. Nils vart fødd i eitt av husa til høgre i bilda. Eg budde hos onkelen hans, men det huset er gøymt av store tre heilt til høgre. Det har kome fleire nye hus i Trovågen sidan første gongen eg kom dit- i 1958. Vegane er også bygde etter den tid. Det er Øyvind, son til Tone, som har tatt bilda.

Dagbok 2026: 31.august

Endeleg kom sola, seint på ettermiddagen fekk vi endeleg   nokre etterlengta stålar, men betre seint enn aldri   Klokka er no 20.21, tempera...