lørdag, oktober 06, 2012

Vêrmelding 6.oktober - 2012


Klokka er 18.45, temperaturen er + 8 grader C og det har regna nesten heile dagen. Eg hadde sett fram til å late meg i vakkert haustvêr i dag, men det håpet brast fort.
Rasmus med familie kom seg av garde og hadde tenkt å nå 9.30-ferja. Det gjorde dei tydeligvis ikkje, for første meldinga kom frå Innvik. Så det vart Kviven i dag. I 16-tida var dei komne fram til Gol, der dei skal overnatte på Pers hotell. Så då blir det bading og leik. Det har vore ei kjekke veke, litt meir aktiv enn det som er vanlig for meg.
Vi sette i gang med rydding, vasking, støvsuging og klesvask etter at gjestane var reiste, og  eit par timar seinare såg her skaplig ut. Eg las ut boka mi og fekk ein liten middagslur, men så vart det brått så stilt. Nils for bort på terminalen for å fiske og eg fann litt klede å stryke......dvs." tilbake til det normale." 
No ser eg fram til "Skal vi danse" på TV 2. MÅ sjå det sjølv om eg hatar reklame på TV. Og eg likar heller ikkje uttvaringa av programmet. Det skal jo vere like langt anten det er ti par eller to.
Heller ikkje i går fekk eg gå måneskinstur med gutane, men seint på kvelden oppdaga minstemann månen frå kjøkenglaset-langt i aust. Då kom eg på at det var noko dei snakka om før  "austamåne", men eg veit ikkje kva tyding det hadde. Mellombror har i alle fall lova at han skal tenke på meg kvar gong han ser månen. Og ikkje berre meg, men også Apollo 11 og den første bemanna måneferda. Vi har studert emnet nøye.
No ser eg fram til at det blir operatur med Pensjonistlaget komande tysdag. Vi skal til Opera Nordfjord og sjå Madame Butterfly. Nils skal ikkje vere med, men eg har no mange andre venner.Vi skal på kunstutstilling i Gamlebanken og vi skal ete middag på Kyrkjetun. Eg må med skam melde at eg ikkje har besøkt verken den eine kunstinstitusjonen eller den andre i mi eiga heimbygd. I fjor hadde eg meldt meg på operatur, men då vart eg sjuk,dvs.forkjøla. Vi skal reise frå Ørsta klokka 13.00, om det blir Kviven på veg bortover, veit eg ikkje. Dei fleste har vel allereie reist vegen.

Bok nr. 50 -- 2012: Menneske uten hund.


menneske-uten-hund



Desember i Kymlinge. Medlemmene i familien Hermansson samles for å feire 105-årsdag - pappa Karl-Erik fyller 65, eldste datter Ebba 40. Men ingenting blir som de hadde tenkt seg. Natten før den store dagen går Robert, sønnen i familien og c-kjendis etter sin innsats i realityserien "Fangene på Koh Fuk", ut en tur - og kommer aldri tilbake. Neste natt forsvinner Ebbas sønn Henrik like sporløst. Det er en spesiell sak den italienskættede kriminalinspektøren Gunnar Barbarotti må ta seg av. Kan det være en tilfeldighet at to mennesker forsvinner fra samme familie og samme adresse med et døgns mellomrom? For å løse gåten om hva som skjedde de to nettene i desember må Barbarotti nå inn til denne dysfunksjonelle familiens mørkeste hemmeligheter og gjøre det usynlige synlig - og det ikke uten et ønske om at det fantes en god, høyere makt å henvende seg til underveis.
Dette har eg henta frå nettet. Las ut boka før middag, men var litt i stuss etterpå. Så oppdaga eg at eg hadde hoppa over ei plate. No har eg lese den også, og alt fall på plass.
Dette er første boka i Barbarotti-kvartetten, og eg har den andre klar, nummer 3 har eg lese før.
Eg har alltid likt Håkan Nesser sine bøker, i alle fall dei fleste av dei. Denne er ikkje noko unntak, men eg har lese den over litt for lang tid. Det er ingen fordel.
Elles synest eg at Nesser skulle kalla bøkene sine "En historie om eg forbrytelse" slik som Jussi Adler Olsen gjer, for dette er ikkje krim av det direkte spennande slaget. Det er ei skildring av hendingar som fører til brotsverk og om alt det vonde som kjem i etterkant.

fredag, oktober 05, 2012

Vêrmelding 5.oktober - 2012

Klokka har passert 22.00 og legging av dei minste er på gang. Dei skal reise i morgon - ikkje altfor tidlig.
I dag har det vore ein nydelig dag med nesten sommarlig temperatur.No er temperaturen + 8 grader C. Eg har styrt litt med mat og anna husarbeid, vore på butikken  etc.
Før middag tok Nils, Rasmus og dei to eldste gutane ein tur på sjøen og fiska litt. Men til middag i dag vart det hjortegryte, som planlagt.
Mens dei var vekke, gikk Wenche tur med Ingar -og eg fór no her og sosa.
Var så vidt innom Clas Ohlson i dag, men ikkje mykje der som interesserer meg. Vi var nedover for å handle mat, så vi skulle ikkje ha noko. Egentlig.Har ikkje lagt ut mykje bilde denne veka, men i dag får de bilde frå fisketuren. Vi får no mandelpoteter frå Skjåk, så heretter skal det bli mykje fisk og poteter.
                         
                  Bilda er tatt med Rasmus sin mobil.

Vêrmelding 4.oktober - 2012

Klokka er snart halv eitt, og vi er såleis over i ny dato. Dagen i dag har vore lang og innhaldsrik. Veret har vore ganske fint, og det har vore opplett heile dagen. No er det + 9 grader ute, ganske behagelig temperatur.
I dag laga eg tidlig middag, steikt sei med tilbehør. Så var det å gjere seg klar til pensjonistmøte. Det var litt ekstra denne gongen sidan det var eit samarbeid mellom Eldrerådet og Pensjonistlaget -ei markering av eldredagen som var 1.oktober. Det var mykje godt program, og damene i Lions bidrog med nydelige smørbrød og kaker. Møtet varte i vel 3 timar, så gjestane våre måtte klare seg sjølve i mellomtida.
Etter at vi kom heim gikk Rasmus og eg og alle tre gutane ein lang tur rundt på Vallabøen på jakt etter månen, som ikkje viste seg i kveld. No har vi berre ein kveld att der vi kan håpe på måneskin.
Det har ikkje blitt mykje fotografering desse dagane, men kanskje blir det høve til ein liten fotosession i morgon?
http://skotet.wordpress.com/  For dei som har lyst å lese om livet til Kari-Anne Nilsen på Ytste skotet.

torsdag, oktober 04, 2012

Vêrmelding 3.oktober - 2012

Klokka har passert midnatt med god margin, men eg skriv om vêret slik det har vore denne dagen.
Det har vore om lag som i går, voldsomme regnbyger, men sol innimellom. No er temperaturen + 9 grader, så kaldt eg det ikkje.
I dag reiste Rasmus og fam.ut til Solveig i 15-tida og kom att ut på kvelden.
Dei hadde hatt det fint på Hareid, der er det mange kjekke leiker som "ungane" har vakse frå.
Vi rydda litt i huset, varma opp restar frå mandag og slappa av. Eg fekk lese ein god del i boka som eg held på med.
Vi er seine til sengs og tilsvarande seine å stå opp.

onsdag, oktober 03, 2012

Vêrmelding 2.oktober - 2012

Eigentlig har vi passert midnatt, men eg får skrive om dagen som er slutt. Vi vaksne og minstemann er enno oppe-han lurte seg til ein liten middagslur, så han er ovenpå.
I dag har vi hatt voldsomme regnbyger, men fine stunder innimellom. Men ikkje før hadde vi tenkt oss ut, så pøsa det ned igjen.  Då det mørkna gikk eg tur med dei to største gutane, vi skulle ut og sjå etter månen, etter ein leksjon vi hadde hatt inne om månen, romskip og måneferder. Månen kom ikkje fram, men vi såg eit par stjerner. Og så lærte vi å telje årringar på tømmerstokkar. Så snart eg har ungar i rette alderen må eg liksom undervise litt. Lærarrolla ligg latent. Det kjekkaste med å undervise ungar er at ein lærer litt sjølv også. Mellombror har fått for seg at det er kjempevanskelig å komme seg til månen - i alle fall utan romskip.Så no har vi eit lite problem å løyse.
Rasmus og Minstebror gikk ein annan tur.
Temperaturen er no + 8 grader C . Håper på betre vêr i morgon, då skal Rasmus & fam. til Hareid ein tur.
Elles går dagane med mat og prat. I dag hadde vi fisk til middag og kake til dessert.
Minstemann stiller gjerne opp til fotografering!

mandag, oktober 01, 2012

Vêrmelding 1.oktober - 2012

Klokka er 20.30. Temperaturen er +10 grader C. I dag har det vore regnbyger, med solgløtt mellom bygene.
Eg har vore inne for det meste. Laga brennsnut og pannekaker til middag. I dag var vi 12 til bords med smått og stort. Margrete og ungane kom på sitt vanlige "annankvar-mandag-besøk". Ungane "fann" kvarandre med ein gong til tross for at dei ikkje ser kvarandre så ofte.Det er nokså nøyaktig eit halvt år sidan sist.
Elles går dagane med vanlige gjeremål. Wenche og Rasmus tok med seg Ingar på ei lita butikkrunde før middag, vi andre har vore heime.

Dagbok 202: .26 okrtober

  Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....