I dag har eg gjort litt husarbeid også, "fredaagsvask" på bad og kjøkken mellom anna og så har no fyrt i omnen og støvsuga etc. etc. Og så har eg mykje god mat i kjøleskapet. Det er Solveig som har handla og ho er litt meir oppfinnsom enn eg. No sit eg og kosar meg med ein pakke dadlar-dei er uforskamma gode, så dei varer ikkje lenge.
Når eg ser på veret ute synest eg der er litt rart at det er november enno når det er så vinterleg ute. Men vi får vel ein baksmell når det lid på.
Ute er det kaldt, minus4 grader og det er klårt så ein kan vel sjå månen -om ein går ut.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar