Klokka er no 20.15, temperaturen ute er +14 grader C. Det har vore ein fin dag med mykje sol og varme, men også skyer på himmelen og vind. Vind er sjelden her i Ørsta, men eg likar godt at det blæs litt viss det ikkje er kaldt.
Eg må innrømme at eg heile dagen har gått ut frå at det var fredag, utan å sjekke det, så eg er ikkje klar for helg eigentleg. Ikkje har eg vaska og rydda noko særleg etc. På føremiddagen tok eg og vatna nesten heile hagen grundig, så sette eg på vaskemaskina og seinare trommelen, det er omtrent alt eg har gjort i dag. Eg har sete mykje oppe hos Marit og prata slik vi ofte gjer, vi blir aldri tomme for noko å snakke om , og viss vi blir det, begynner vi frå begynnelse igjen.
Eg måtte no ta meg av klesvasken , stryke litt etc. Men så tok eg helg og har sett TV. Grusomt med den voldsomme brannen, eg begynte å lure på om eg har nummeret eg skal ringe om det blir brann. Det var heilt frykteleg å sjå alle husa som hadde brent ned og folk som hadde mist alt. Det hjelper sjølvsagt at dei er assurerte, men det er så mange ting i ein heim som ikkje kan verdsettast med pengar.
Det er altså søndag i morgon- eg er ikkje heilt klar for helg-men det går sikkert bra. Kan i alle fall ønske alle som er innom bloggen ei god helg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar