Klokka er no 20.14,temperaturen ute er + 21 grader C og det har vore ein fin dag, i alle fall med tanke på veret. I dag har det vore sommar .
Sidan det er fredg i morgon tenkte eg at eg kunne ta fredagsvasken i dag og bli ferdig med den, og det gjorde eg. Problemet var berre at eg var veldig låk i ryggen, det blir eg alltid når eg jobbar med noko, og i går hadde eg jobba i hagen. Men eg vart no ferdig med å vaske omsider og unnte meg ei kvilestund.
Men eg hadde ikkje gløymt hagen og det som skulle gjerast der- LITT fekk eg gjort, men mesteparten av tida sat eg og halvsov i ein stol, så eg kom ikkje langt. Eg likar ikkje å gå frå halvgjort arbeid, men eg hadde ikkje val, eg måtte legge frå meg reiskapane og ta kveld, det vil seie at eg tok ein tur opp til Marit og sat der og kosa meg i solskinnet før eg gjekk heim og fann meg litt godt å ete- Eg har mykje meir god mat når Solveig handlar-som i går.
Eg likar ikkje å ha hagen så ustelt, men det er ikkje så mykje eg kan gjere, med tid og stunder blir der vel i orden igjen. PÅ oppsida mot vegen ser det no bra ut.
For morgondagen har eg ingen planar men i dag var det i alle fall sol og varme, så då er sommaren her.
Eg veit ikkje om det er fotballkamp i kveld, men bo har eg fått smaken det, så eg håper der er kamp på TV i kveld , eg kunne np ha sjekka. Eg hugsar då mamma var så gammal som eg er no, då var t ho heilt hekta på fotball på TV . ho hadde aldri sett ein kamp live. (Men det har no eg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar