Klokka er no 17.30, temperaturen ute er +17 grader C. Det har for det meste vore opplett i dag, men det kom ei regnbye også. På føremiddagen var eg ute og klipte plen, så lenge som eg hadde straum på batteriet til klipparen; då gjekk eg inn og sette den på ladding igjen-og no når den er ferdig ladda får eg den ikkje laus. Eitkvart er det støtt.
Så kom der to kjekke på besøk, dei hadde godterier med seg også, det var Ingeborg og Eirik som er heime på ferie. Det var så kjekt å prate med dei vaksne undommane , det er ikkje så ofte dei er her. Ingeborg bur framleis i Oslo og Eirik har sete seg til i Trondheim. Det ser ut til at dei har det bra.
I dag laga eg middag til meg sjølv, det var steikt torsk med tilbehør, ikkje ofte eg lagar så skikkeleg middag når eg er åleine, men det smakte godt.
Det har vore ein kjekk dag og det aller beste var meldinga eg fekk frå Rasmus no: Bilen min er godkjend. Eg torer nesten ikkje å tru det, nesten for godt til å vere sant. Berre dei som er vande med å ha bil disponibel veit kor hjelpelause ein blir utan. Eg håper no at det skal gå bra med bilen, slik at eg får gjort ærenda mine utan å få hjelp andre- men det har no vore kjekt med handleturane også..
Eg prøver å ikkje vere altfor optimistisk, slik at eg blir skuffa.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar