Klokka er no 17.43, temperaturen ute er +12 grader C, og det har kome ei og anna regnbyge i heile dag så det har ikkje blitt mykje hageatbeid. Eg var fdorresten ikkje så tidleg oppe i dag, var oppe og åt frokost og la meg igjen. Veret var ikkje så forlokkande, men då eg hadde ete frokost to gonger kom eg meg ut for å gjere noko nyttig. Sjå bildet over! Ein gong var denne store buska ein del av ein juledekorasjon,. Den vart planta ut i beddet sommaren etterpå og der har den stått og vakse seg stor. No har eg bestemt meg for at den skal vekk, men då må eg ha hjelp av nokon som kan bruke motorsaga. Eg har no brukt den sjølv men det er lenge sidan, og no er eg blitt for gammal. Men i dag tok eg ei"saks" og klipte av mange greiner. sli at vi får sjå rosebuska som skal blomstre no Det er ei stor Leonardo da Vinci som veks der.
Eg har ikkje gjort mykje i hagen i dag, eg skulle klippe noko gras nede i skråninga , men kvar gong eg prøvde på det begynte det å regne, så det vart ikkje så mykje gjort.
Det første eg tenkte på at eg skulle gjere i dag, var at eg kanskje kunne få rense gplvteppet i stova, for no har det gått ned i nokre koppar med kaffi etc. Eg har maskin til å gjere det og før rensa eg teppet annakvart år. Etter at eg vart åleine har eg ikkje vore så nøye på det. Eg leita og såg om eg hadde slikt som eg skulle bruke i vatnet og eg fann litt i ei "flaske"- men det var ikkje mykje hjelp i, for middelet som var der kunne ikkje brukast , det var altfor gammalt. så eg må no ned til "Målar-Olav" og kjøpe noko som er litt ferskare.- Så eg får utsette det litt.
Som dokke ser er eg ikkje alltid like heldig med det eg skal gjere, eg trur eg kan seie at det er på grunn av dårleg planlegging, men veret kan eg ikkje gjere noko med. Eg var ned i Skråninga og skulle klippe vekk noko gras, men så begynte de å regne. Då var det ikkje anna å gjere enn å gå inn og sjå TV. Det er no denne fotballen det gjeld. Eg har sett tre heile fotballkampar i det siste og eg såg i går kveld også, og no var det stas : eg kjem no til å sjå neste kamp som Norge er med i også. Tenk om Norge blir verdensmester !!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar