Eg hadde ikkje planlagt noko for denne dagen, så den vart som den vart. Eg har gått å pusla inne, og eg har tatt ein tur på Vernet i dag også. Freistinga vart for stor. For å få litt variasjon starta eg på toppen av Storebakken og gjekk "feil" veg rundt. Det var fint å gå der for all snøen hadde smelta. Men eg møtte ingen eg kjende og ikkje så mange andre heller.
Etter at eg var komen heim gjekk eg og pusla litt rundt før eg gjekk opp til Marit. Der var eg heilt til ho skulle ha middag. Då gjekk eg heim att og fann meg litt middagsmat her også.
No skin sola så fint ute og mesteparten av snøen er vekk, så no håper eg at våren får kome igjen.
Her, ved toppen av Storebakken,starta og slutta turen i dag, dvs eg måtte no gå på bilvegen herfrå og heim.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar