Langfredag
Klokka er no19.05, temperaturen ute er +7 grader C, det er opplett ,men overskya, ikkje vidare påskestemning akkurat, men det regnar ikkje i alle fall. Det har ikkje hendt så mykje i dag, så det er ikkje mykje eg kan skrive om heller. Men eg var i alle fall ein tur på Fonnvernet før middag. Der trefte eg Terje Kjøde med diverse tilhengerar og hund. Elles såg eg ikkje kjentfolk.
Då eg kom heim att gjekk eg tur med Marit her i Starevegen. Ho er så frisk at ho kan begynne å trimme litt, så ho går med rullator ut og innat Starevegen. Og katten Lollo får vere med.
Eg tok meg litt mat før eg sette meg til å sløve framfor TV-en. Det har i heilt tatt vore ein litt sløv dag. Men i morgon er det kvardag og opne butikkar så då blir det kanskje ein tur.
Eg var ikkje heilt fornøgd med veret i dag, men no såg eg på PC-en her at det skal regne i morgon- Ja, for min del er ikkje veret så viktig, for eg har fri kvar dag så eg kan nyte fineveret når det kjem.
Eg sat og såg litt TV-og trur eg sovna litt, i alle fall hadde klokka gått fort. Håper eg finn noko kjekt å sjå i kveld.
Så vil el ønske alle som er på påskeferie at dei får nokre fine dagar før dei skal på jobb igjen. Det er ikkje så nøye med meg som har heilårsferie.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar