lørdag, mars 07, 2026

Dagbok 2026: 7.mars

 

Klokka er 22.38, temperaturen ute er + 6 graderC, og det er litt vind. Det er mørkt ute no, men naboar  og gatelys lyser opp.

I dag har eg hatt litt problem med å forstå at det var laurdag, for eg syntest vi hadde laurdag i går. Eg gjekk ikkje på Vernet i dag, for eg kan ikkje overdrive på grunn av gamle utslitne føter. Eg fekk melding frå Solveig om at ho ville komme ein tur innover på ettermiddagen, så eg var ein tur opp til Marit føre middag.

Solveig kom som planlagt og hadde med ein fin potteplante til meg. Og ein stor haug med blad som ho kjøper på grunn av strikkemønster etc. Ho kom i den gamle bilen, for el-bilen som dei skal kjøpe er ikkje konen enno. Ho lurte på korleis dei skulle få bilen frå Japan og hit no når det er krig.

Solveig var her ikkje så veldig lenge for det er skuledag i morgon. Når dette skuleåret er slutt skal ho bli pensjonist. Det er noko å sjå fram til, både for henne sjølv og for meg og andre i familien.

Eg forstår liksom ikkje at det er sundag i morgon for eg synest det har vore sundag i dag.Men no skal eg inn og høyre nyheiter for det har eg ikkje gjort før i dag.

                                        Gatelyset lyser opp


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 7.mars

  Klokka er 22.38, temperaturen ute er + 6 graderC, og det er litt vind. Det er mørkt ute no, men naboar  og gatelys lyser opp. I dag har eg...