lørdag, mars 01, 2025

Dagbok 2025: 1.mars

 


I dag fekk eg nytt bilde på Sunnmørs-kalenderen min. Fjellet på bildet heiter Slogen, men eg har aldri vore der.

Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, men eg var ein tur til Vik og på KIWI på føremiddagen. Eg hadde tenkt å gå på Vernet, men så fann eg på å lage sveler  til Solveig skulle kome i 16-tida. og det gjorde ho . Vi hadde som vanleg mykje å snakke om. Etter at ho hadde reist tok eg fram strikketøyet og sette på TV-en, der det var masse skiløperar som fekk medaljar.Eg veit knapt kva dei heiter, men eg kjende dronninga.Ho er ingen ungdom lenger, men der for ho i snø og blest å delte ut premiar. Ho er ei tøff dame.

Som dei fleste andre fekk eg nesten sjokk i går kveld då Trump begynte å skjelle ut presidenten i Ukraina; noko så ekkelt har eg ikkje sett på TV før. Men då eg sette på TV-en i dag, hadde han heldigvis roa seg litt. Han trur viss at han eig heile verda og skal bestemme alt. 
Eg har ikkje gått tur i dag, så kanskje eg må ta to runder i morgon.Det har ikkje vore så fint ver i dag, men no skal vi visst få regn nokre dagar, ja berre ikkje regnet blit kvitt-så får det stå sin prøve.
I dag er oldebarnet Tobias 4 månader gammal, lett å hugse når han vart fødd på første dagen i månaden -november.

No står det Flom advarsel på PC-en, men eg er ikkje så redd for flom, for vatnet brukar  som regel å fare ned i sjøen-og så har vi Fonnvernet. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...