søndag, desember 08, 2024

Dagbok 2024: 8.desember 2.søndag i advent.


 Klokka er no 19.05, temperaturen ute er +2 grader C og det regnar. Ikkje akkurat julestemning , heilt greit for meg at det ikkje er snø. Men det er no fint med snø i jula, berre den ligg i ro.

I dag har eg gjort lite og ingenting, berre lata meg. Ut på ettermiddagen kom Solveig på besøk og det var veldig kjekt, når vi er berre to får vi prata om mangt og mykje -utan at eg misser tråden på grunn av dårleg hørsel.

Eg har altså ikkje vore ute og gått i dag -veret frista ikkje. Det vart til at eg sat og strikka framfor TV-en. Det skjer så mykje i verda for tida, så eg greier ikkje heilt å få med meg alt. Det er sikkert ikkje så farleg, for eg kan ikkje gjere verken til eller frå.

Mest snakkar vi, Solveig og eg, om det som hender i storfamilien-og det er ikkje så lite, vi ser fram til å samle dei fleste i jula- her hos meg.

Juletre frå Clas Olson på kjøkkenbordet i dag, kjøpte det i fjor. Her skal det pyntast!!!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 17.april

 Klokka er no20.10, temperaturen ute er +12 grader, og det er overskya men opplett. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, og Lollo kom m...