fredag, desember 13, 2024

Dagbok 2024: 13.desember


Klokka er no 16.53, det er + 5 grader C ute og det regnar. På PC-en min står det: Regn/snø i morgon. , så då har vi noko og glede oss til. I dag har eg knapt vore ut for døra, tenkte å gå ein tur men miste lysta fordi det regna. Eg har ikkje vore så veldig aktiv i dag, men eg har tatt fredagsvasken og støvsuga alle teppegolva. Det er ikkje mykje å skryte av,men hadde eg hatt ein betre rygg, så skulle eg ha klart mykje meir. Baking av småkaker står ikkje på lista. Eg kjøper litt, men det blir som oftast eg sjølv som må ete det, og eg treng ikkje småkaker.

Marit og eg snakka om å fare til Vik og handle i dag, men det blei til at vi slo det frå oss. Eg har ikkje vore så aktiv dei siste dagane ,har ikkje hatt min vanlege energi, men den kjem vel igjen.

Eg likar å ha det varmt, så det blir oftast til at eg fyrer med ved sjølv om Varmepumpa står på. Eg fekk mange vedsekker med Rasmus og hadde att ved som eg kjøpte med Even i vår, men no er alt borte snart. Det er ikkje sikkert at Even har ved å selje i år, så då må eg sjå meg rundt etter ein annan "vedmann".

 Når eg går opp på Vernet ser eg kor mykje skog det veks langs elva nedover. Den skogen skulle ha vore borte, så hadde det blitt finare utsikt også. Nils gjekk på kommunekontoret og der fekk han løyve til å sage ned diverse tre, så heile tida mens han var frisk hadde vi rikeleg med brensel. Rasmus har drive med ved der hytta deira er, og eg har fått mange sekker med han. I dag sette eg fyr på to kubbar som låg i omnen frå i går , så då vart det skikkeleg god varme her. Så no trur eg varmepumpa greier resten. Eg har styrt på med noko i heile dag, men no skal eg sette på TV-en og ta fram strikketøyet, dei to høyrer i lag.

I dag er det 13.desember og Lussimesse- Santa Lucia-dagen.

I boka mi står det: Minnedag for den hellige Lucia fra Syrakus (død 310)som under keiser Diokletian ble forsøkt tvunget til å si fra seg sin tro ved å stå på en ring av ild.

Før i tida brukte eg, i alle fall somme år, å bake Lussekattar, kva dei hadde med Lucia å gjere har eg ingen kunnskap om.

Svart senker natten seg..................................

Ønsker alle ei god helg med og utan Lussekattar.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025. 16.april

 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...