fredag, oktober 18, 2024

Dagbok 2024:18.oktober

Klokka er no17.26 Temperaturen ute er 16 grader C, men den har vore oppe på 20 talet før i dag. Eit underleg år dette. Vi hadde sommar i mai og no har vi sommar igjen-så lenge det varer.

Eg er nesten alltid tidleg oppe, slik som i dag. Men i dag valde eg å gå morgontur på Vernet, så eg kom dit opp om lag på same tid som sola. Ikkje så veldig tidleg, og der var fleire andre som var komne ut og gå. Og som vanleg møtte eg folk som kjende meg-utan at eg visste kven dei var. Når det er så fint ver sit eg gjerne ei stund på benkane langs ruta og nyt solskinnet.


Då eg kom heim ville eg prøve meg på litt hagearbeid, Eg klipte ned alle tre  Klematis -plantane nedanfor tilbygget og hadde i sekker klar for VØR.

Eg har ikkje tort å bruke klipparen i det siste, for det rauk når eg sette i gang, men då eg spurde naboen sa han ar eg berre kunne bruke den likevel. Eg klipte ei stund, men vart ikkje heilt ferdig, så eg få ta det igjen i morgon viss det blir same fine veret. Det slutta å ryke etter ei kort tid.

Eg hadde ein avtale med Einar at han skulle komme på besøk og så skulle vi ta ein tur til Volda.

Og slik vart det. Vi var på Jokobsen og kjøpte kjøt, men då vi skulle på Kinarestaurant, var der låst. Men vi tok sikte på Spinneriet og kom oss over gata utan å bli kjørt ned. Kafeen nederst i bygget heiter no HOLMEN. Der fekk vi pizza og brus og kaffi. Einar er flink å ordne ut, så eg slapp å anstrenge meg.

Så ba eg om at vi skulle stoppe ved garnbutikken, der eg hadde kjøpt eit stort garnnøste og stikka tre lestar. Viss eg fekk eit slikt nøste til, kunne det lett bli tre PAR. Men eg hadde ikkje tatt med garnprøve og der stod eg og skulle plukke ut rette nøstet. Eg syntest det var eit som likna så eg tok det,  sikker var eg ikkje. men eg vart glad då eg kom heim og fekk sjå at eg hadde tatt det heit rette nøstet. 

Så no skal eg kose meg med nytt strikketøy, berre armen greier det. Den armen som eg braut for snart eit år sidan er ikkje heilt god, og i dag føremiddag var eg låk heilt opp i nakken. Eg er heldigvis bra no. Trur det hjelpte med litt hagearbeid.

Eg sat ei stund og prata med Marit på altanen hennar. Ho blir litt betre for kvar dag-I morgon er det laurdag igjen, tida går fort.

Så no er det GOD HELG  igjen!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:18.oktober

Klokka er no17.26 Temperaturen ute er 16 grader C, men den har vore oppe på 20 talet før i dag . Eit underleg år dette. Vi hadde sommar i m...