tirsdag, september 17, 2024

Dagbok 2024:17.september


 Klokka er no 16.40, temperaturen ute er + 17 grader, det er overskya, men opplett og fint, på ein måte-

I dag har eg hatt eit relativt tett program. Først på treninga, så på butikken, heimom ein tur før eg gjekk på Vernet. Då eg kom heim skulle eg jobbe i hagen, men så kunne eg sette på ei gryte med fårikål, for no hadde eg endeleg fått tak i heil pepar, noko som eg ikkje har funne på butikken før. Rettnok var peparen spansk, men det var vel greit nok? 

Eg hadde kjøt og kål i "gryta"+ vatn og salt. Ja, og så peparen, det var ikkje små brune frø, men noko som var større , men eg heiv no nedi ganske rikeleg av sorten. Og så fekk maten passe seg sjølv mens eg skulle klippe laurbærheggen (eg trur det er det buska heiter). Eg klipte og klipte utan at buska vart så mykje mindre , men eg hadde to store svarte sekker fulle med avklipp. 

Eg rydda opp etter meg ute før eg gjekk inn og såg til fårikålen, den såg god og godt kokt ut. Kjøtet var møyrt og fint. Men der var eit MEN-og det var den spanske peparen. Sikkert ikkje noko i vegen med den, det var berre at der var "litt" for mykje av den. Men eg fekk fårikål middag, kokte rikeleg med poteter så det gjekk no bra. Men i morgon skal eg koke ny fårikål av kjøtet som var att og ikke ha spansk pepar i . Redninga i dag var ein god porsjon is til dessert.

Det ser ut til å bli fint ver etter kvart, eg treng opplett for å få gjort hagen i stand til vinteren.

Her er buska mi, eg har klipt mykje av den, men den er nesten like stor somden var. Det kan no hende eg klipper litt meir med tid og stunder.Det er fint ute no når det er opplett, det kan vere fint på denne årstida også, dersom det er opplett og helst litt sol.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...