tirsdag, august 13, 2024

Dagbok 2024:13.august

Klokka er no 18.30, temperaturen er + 21 grader C, og i dag har vi hatt både sol og regn.

I dag starta vi dagen med trening frå 10-11, det var litt kjekt å komme i gang igjen, Og vi er ein gjeng som har gått der i lag lenge. Det skal ikkje vere trening torsdag, så vi har enno litt fri.

Marit og eg køyrde ikkje i lag i dag, for Marit "skulle på noko" før ho kunne fare heim.Då eg kom heim kom ho ned til meg fordi vi hadde noko å diskutere.

Eg tok meg ei kvilestund og litt mat før eg gjekk ut og jobba i hagen. Eg plukka plommer,  og i dag var plommene mykje finare fordi dei ikkje hadde lagt så lenge på pakken. Og så ser eg alltid noko som eg må gjere, i dag tok eg vekk ugras og gras som var der det ikkje skulle vere , under altanen. Så måtte eg rydde opp under plommetreet, og då tok eg fram grasklipparen. Eg ser så mykje eg har lyst å gjere og eg har energi nok-men eg har også ein rygg, så eg må ha ein stol i nærleiken heile tida, så eg kan sette meg ned og kvile ryggen min.

Eg åt brødmat til lunsj i dag og tenkte å ha middag i lkveld, men no veit eg ikkje om eg har lyst på noko middagsmat. Eg kan no tenkje på det ei stund og sjå kva det blir til.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...