lørdag, august 31, 2024

Dagbok 2024: 31.august


 

Klokka er no 20.05, temperaturen ute er +13 grader C, og eg trur det har vore opplett i heile dag, Sikker er eg ikkje for det har vore så mykje styr i dag.

Eg hadde bestemt meg for å fare til Volda tidleg på føremiddagen og kjøpe garn, før det  vart altfor mykje trafikk. Eg kom meg av garde, men trafikk var der-rikeleg av..

Eg fekk kjøpt lestegarn og ein ny pakke med bambus-pinnar -kan vere greit å ha dobbelt opp.

Eg bala for å få sjå bryllaupet i Geiranger på TV-en, så det vart til at eg såg på PC-en i staden, mens eg strikka og strikka. Eg har vore utan garn eit par dagar, så det var godt å få strikke igjen.

Elles har eg gjort ingen ting, eg gjekk ein tur på Vernet i dag også mens eg venta på Solveig som ville komme ein tur i dag.

Ho kom som planlagt og vi åt is og drakk kaffi etter hennar ønske. Godt å få prate litt om ditt og datt. No kjenner eg at eg er litt svolten, men det er eg no nesten støtt. Det blir vel meir å få når det lid på.

Eg kan fortelje at Einar, barnebarnet mitt, snakka med brud og brudgom m.fl. i går, som utsending frå avisa. Det blir vel å lese om det i Sunnmørsposten. Eg håper eg får sjå meir frå bryllaupet på TV no i kveld.

Og i morgon begynner vi på første haustmånaden.

     


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...