mandag, juni 24, 2024

Dagbok 2024: 24. juni Jonsokdag.

 

                                             Eføyveggen. 

                   Eg har tatt opp alle hellene og reiska vekk gras etc.

Klokka er no 19.30, temperaturen ute  er ca 24 grader, får ikkje lese av rett når sola skin på termometeret.

Det har vore ein fin dag, varmare og finare utover dagen, til slutt vart det skikkeleg sommarvarmt. Eg visste ikkje kor fint det skulle bli då eg sette i gang med å skifte sengetøy, ha ut dyne og teppe etc. Så vaska eg soverommet og datarommet, og klesvasken var i gang i kjellaren. Då eg var ferdig med vaskinga og hadde fått inn att teppa, gjekk eg min daglege tur på Vernet - i altfor mykje klede - i dag igjen. Men då eg kom heim og skulle ta kleda ut av tørketrommelen, så låg dei der like våte og trommelen har heilt død. 

Eg gjer mykje rart, men eg klussar ikkje med elekriske ting, så eg sende naud-melding til Marit og spurde om svigersonen kunne hjelpe meg når han kom heim, eg veit at han kan mykje om tørketromlar. Då han kom frå jobb kom han ned trykte på ein knapp og då kom det opp ei melding som sa at han skulle reingjere noko,  han gjorde det og så vart kleda tørre på litt meir enn no time. 

Eg var oppe og prata med Marit ei stund, og så gjekk eg ned og starta opp ein hagejobb. I dag rydda og reinska eg  ved Eføy-veggen og merkeleg nok vart eg ikkje allergisk slik som eg brukar å vere i kontakt me eføy. Det kan no komme av at eg ikkje var så mykje borte i eføyen, men konsentrerte meg om hellene som ligg der.

I dag fekk eg melding frå Rasmus om at dei skulle til  Malta  om Zurich, no etterpå fekk eg melding om at dei var i Sveits og kom ikkje vidare i dag, etter som eg forstod. Alle tre gutane er med på turen.

No har eg tørt sengetøy til å ta på til natta.(Eg har no flust av sengetøy som er    tørt- i skapa mine,men eg skulle ha det eg vaska i dag)!

Denne jasminbuska er nokså skrøpeleg. Eg har klipt bort mange tørre greiner, men den skal få leve. Når den har blomstra ferdig, skal eg klippe heile buska, og håpe på at den er frisk og rask til våren.

Eg fann faktisk 2-3 modne jordbær i dag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22. juli

Blikkstille fjord i dag  Klokka er no 18.20, temperaturen ute på trappa er + 20 grader, det er lettskya  og opphalds-ver, men på PC-en min s...