mandag, juni 17, 2024

Dagbok 2024: 17.juni

 




Klokka er no 20.24, temperaturen ute er +18 grader. Sola skin no, men vi har hatt nokre kraftige  regnbyger også. 

Dagen i dag vart litt meir "rotete" enn eg hadde tenkt, med det meiner eg at eg eigentleg ikkje fekk gjort det eg ville eller skulle, kanskje fordi planen ikkje var så god?

Eg gjekk i alle fall ein tur på Vernet tidleg på dag, der trefte eg nokre naboar som eg vart ståande å snakke med; vi bur no nær kvarandre , men vi held oss visst mest  heime, både dei og eg.

Eg tenkte eg skulle få gjort ein skikkeleg jobb i hagen i dag.Eg begynte å reinske ugras etc, på austsida av huset, men hadde ein annan jobb som eg skulle ta etterpå. Det vart ingen ting meir gjort for brått silregna det så det var berre å komme seg i hus. Og der vart eg verande heilt til eg gjekk opp til Marit i 5-tida.  Ho kom att frå sjukehuset i går, så vi hadde mykje å snakke om. Ho var i bra form no, og skal vere med på treninga i morgon.

Då eg kom ned att var det å sjå nyheiter og så skulle eg strikke vidare på "spøtet" mitt. Eg strikka litt, og så måtte eg ta opp att. Garnet er det verste eg har vore borti, så eg lurte på kva det bestod av, det kunne no ikkje vere ull i alle fall - trudde eg, så eg las på "papiret", 100 % ull stod der. Ja, vi får sjå om eg får til noko, eg saknar babuspinnane mine, men dei er for tynne til dette arbeidet.

I morgon er det altså trening igjen, og kva som vil skje etterpå veit eg ikkje enno. Eg har mange "jobbar" som står på vent-

Eg har tre sortar med Klematis, og fleire plantar av ein av dei, så no held eg på å  få noko som dei kan støtte seg til. Dei står ikkje på eigne bein nokon av dei.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22. juli

Blikkstille fjord i dag  Klokka er no 18.20, temperaturen ute på trappa er + 20 grader, det er lettskya  og opphalds-ver, men på PC-en min s...