mandag, mai 06, 2024

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84.

Temperaturen ute er + 17 grader. Sola skin no, men det gjorde ho ikkje i dag morgon, i alle fall ikkje her. Skodda låg tjukk heilt ned då eg gjekk turen min på Vernet klokka 10-11. Men det lysna etter kvart, og då eg var heime var sola komen fram.

I dag hadde eg tenkt å begynne ryddinga på austsida av huset og slik blei det.

Sidan eg ikkje har plenklipper for tida, tok eg kantklipparen og klipte graset på "nyeplenen". Det gjekk heilt fint så lenge der var sen i klipparen. Eg er så hjelpelause at eg kan ikkje sette i sen sjølv i den nyaste klipparen.


Men der var mykje eg kunne gjere. Eg rensa vekk mesteparten av  skvallerkålen ved husmuren-og slikt tr tid. Eg hadde klipt graset ved hellevegen, men der måtte eg gjere litt meir. Det siste eg gjorde var å rense rundt peonane, gjødsle og ha på meir jord. Så får eg håpe på ei fin blomstring om ikkje så lenge. Eg har joobba ute det meste av dagen, men resultatet er ikkje såvoldsomt-men det er mykje småpirk eg har styrt med. Ryggen må ha pausar og så går tida. Eg jobbar ikkje på akkord og tek den tida eg treng.

Då eg avslutta kom det ein bil ned på tunet, det var Lars som kom og henta Erlend for å ta han med på køyre-trening.

I morgon er det trening og så håper eg at eg får batteriet til klipparen snart. Graset er høgt no.

Eg har problem med å få lagt inn bilde, men dei ligg på sida vår på Facebook-
 


Nyklipt -Nyeplen.



Gravmyrten blomstrar(blå) eg klipte den heilt ned i fjor.






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...