onsdag, mai 29, 2024

Dagbok 2024: 29. mai



Klokka er no ca 18.30 . temperaturen ute er +20 grader C, sola skinog det er nydeleg ver no. Sist natt hadde det regna igjen, men regn om natta og sol om dagen må no vere heilt perfekt.

Eg hadde ikkje så mange planar for dagen, men sidan eg ikkje hadde vaska til sist helg, kunne eg ta ein onsdagsvask i dag og det gjorde eg. Tok ein liten klesvask også. Då eg var ferdig gjekk eg ein tur på VERNET, eg trefte berre ei eg kjende i dag, og eg sat og slappa av på alle benkane.

Då eg kom heim laga eg middag og åt-

I dag morgon var eg låk i venstre hofta, det er eg ofte, men det går over. Det kjem frå ryggen og i går ettermiddag jobba eg mykje i hagen. Eg hadde planlagt å legge kjøpemold på jordbæråkeren min i dag. Og det fekk eg faktisk gjort. Eg tok sekken i trillebåra og hadde ein spade som eg tok molda med. Det vart på ingen måte perfekt, men viss det regnar i natt også får vi sjå koleis det står til i morgon. Eg har att ein sekk med kjøpemold som eg kan bruke viss eg vil. Eg har ikkje greie på det, men kan ein gjødsle jordbæråkeren med vanleg plengjødsel ? Eg kjøpte berre ein sekk gjødsel i år, for no tek dei litt for godt betalt.

I morgon skulle vi eingentleg ha vore på trening, men fysioterapeuten hadde noko anna som ho måtte gjere i morgon, så då får vi fri. Eg trur at Marit og eg kanskje tek ein handletur.

I dag er det Amanda sin fødselsdag, men det blir ikkje råd å feire så mykje midt i eksamenane. Når ho blir ferdig med eksamen i år er ho utdanna lærar, eller lektor som det heiter no. Lærarstudiet er no på 5 år, då eg tok utdanning var det 2 år,  eg tok to år på DH i Volda mange år seinare, men eg blei ikkje lektor, berre adjunkt.

Amanda blir sikkert ein god lærar, ho er no nesten utdanna hunde-dressør, og det kan komme vel med. Sidan ho er fødd i året 2000 er det alltid lett å hugse kor gammal ho er. I juni månad har vi mange fødselsdagar i familien+ Solveig 3.juli, det blir kanskje ei fellesfeiring i år også ?No ser eg at det er tid for nyheiter, har ikkje sett så mykje på TV siste dagane, så eg må oppdatere meg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. juli

Klokka er no kvart på 6 , temperaturen ute er + 18 grader, Då eg stod opp i dagm, var asfalten våt, men etterpå kom det finare ver. Eg bruka...