fredag, april 26, 2024

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Vernet, med bilda i dag igjen får eg ikkje tak i, ofte kjem det seg når det har gått ei stund. Eg får vente å sjå.
I dag har eg vaska "fredagsvask" og gjort diverse husarbeid. Eg gjekk ned og ville rydde i tilbygget, men då streika ryggen heilt, så eg måtte gi meg på det. Det er irriterande å måtte gi seg, men eg kan ikkje gjere noko for å få ein betre rygg. Eg får vere glad til at eg slepp å verke når eg er i ro. Men det gjekk fint å ta runden å Vernet, så det fekk eg gjort. Det klårnar meir opp etter kvart ser det ut til, men der er store skyer på himmelen.
I morgon ventar eg Rasmus på besøk, og det ser eg veldig fram til. Han skal vere her til 1.mai. Den dagen reiser også Marit -ho skal til Spania. Eg har ikkje det minste lyst å fare til Spania, same kor eg strevar med å lære meg spansk. Men eg skal på venninnetreff på hotellet ein dag. Vi er ein liten flokk med gamle lærarinner frå Velle skule som samlast av og til. Det var ei som fall ifrå sist haust,men vi er ein liten flokk som held det gåande enno.
Eg er litt skeptisk på hagearbeidet mitt i år. I fjor gjekk det bra, men i år er eg eit år eldre. Det er masse løvetann som skulle vore tatt opp, og kanskje får eg gjort det med tid og stunder. Graset er ikkje problem for eg går oppreist når eg køyrer klipparen.

Eg trur at eg kanskje får orden på bilda om ei stund. Der er mykje fint i beddet nedanfor garasjen, påskeliljer, tulipanar og andre løkvekster. Det er stas med det første som kjem. Alle dei blå blomstrane og andre løkplantar visnar litt etter kvart no.
 





                                               Bilda er frå Vernet og frå altanen heime.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...