fredag, februar 09, 2024

Dagbok 2024: 9.februar

Klokka er no 16.05, temperaturen ute er minus 4 grader og sola skin frå klår himmel som ho har gjort i heile dag, utan pauser. Vi seier at sola "klive honnje" når ho ikkje fer bak Melshornet midt på dagen.Det har vore ein strålande dag. Eg har rettnok vore inne det meste av dagen, men det er der sola varmar best.Dessverre var ikkje vindua nypussa akkurat no, men det får vi ta seinare. Føremiddagen gjekk mest med til det som eg kallar fredagsvask, og så tok eg ein spasertur opp Storebakken og litt sikk-sakk på heimvegen. Eg trudde eg hadde telefonen i lomma, men slik var det ikkje , så eg fekk ikkje ta bilde av fineveret før eg var heime igjen, så bilda er tatt frå altanen. Solveig nabo og eg har fått "havutsikt" etter at to store lerketre vart saga ned i hagen nedom oss.



Eg har ikkje moka altanen i heile vinter, slik eg brukar å gjere. Men ryggen held ikkje til slikt arbeid lenger og etter at eg braut handa, er ikkje den så god til slikt arbeid heller. Eg reknar med at snøen smeltar ein eller annan gong. 
No har eg ete middag, det vart pølser og potetstappe i dag også. Og så sette eg meg til med fredags-sudokuen frå Møre-Nytt. Eg måtte gi tapt i går kveld, men trudde eg skulle få komme i mål i dag. Men NEI. Førre veke greidde eg begge.(Tysdag og fredags-avisene)
Eg har ingen planar for helga, men eg skulle ha vore og kjøpt meg nokre klede-eg er snart bukselaus. Eg plar handle på Møre Konfeksjon, men no er dei konkurs , las eg i avisa, så eg må finne meg ein annan butikk. Vi har no billeg-kjedane på ALTI, mellom anna .
Resten av denne dagen i dag blir det vel å strikke og sjå TV.
Eg synest vinteren til denne tid har vorre relativt lys og lett, og no blir det stadig lysare dagar. Det merkelege er at tida går fortare til eldre ein blir
Ønsker alle ei fin helg !



                                      Her kan de sjå "Havutsikta" vår
 

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...