torsdag, februar 08, 2024

Dagbok 2024: 8.februar



                                              STOREBAKKEN


Klokka er no 17.48, temperaturen ute er minus 4 grader. Det er skyer på himmelen , men det har vore sol også i dag- Eg var tidleg oppe og sjekka veret og såg at det hadde kome meir snø, men ikkje så mykje at det var eit problem. Eg fekk tatt bort noko av snøen med brettet, og så køyrde eg frå garasjen og opp til vegen  eit par gongar -og det heldt. 
Marit var i Ulsteinvik hos augelegen i dag derfor var eg åleine. Eg handla ikkje på heimvegen, men eg gjekk tur før middag. Det er fint å gå no-om ein har piggsko- dei vert brukte kvar dag no. Berre eg skal ut i garasjen tek eg dei på meg-eg vil ikkje dette meir! Og eg køyrer bil også med skorne på. Då eg kom heim frå turen laga eg middag og åt altfor mykje, eg er stappmett enno. Kanskje fordi eg laga potetstappe?
Ei stund etter middag kom Marit ned så eg fekk høyre korleis ho hadde hatt det, og ho var veldig nøgd med det legen hadde sagt.
Eg har berre så vidt hatt TV-en på så eg har ikkje høyrt så mykje om det som skjer i verda. Enno. Det er sjeldan ein får GODE nyheiter.Dessverre.
I morgon er det fredag igjen, og så er enda ei veke gått over i historia. Eg synest tida går altfor fort, og vinteren er snart slutt, enda den har nyss begynt. Men eg ser fram til lysare dagar -hadde sola inn i stova ei stund i dag-og då får ein i alle fall sjå  at det trengst vinduspuss.




Sola streva heile turen min på å komme gjennom skydekket, og ei lita stund fekk ho skine.

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...