lørdag, desember 02, 2023

Dagbok 2023: 2.desember

Klokka er no 16,17, temperaturen ute er minus 9 grader, og det har vore fint og klårt i dag, men sola kjem ikkje ned hit til oss no lenger, ho vert vekke til ca 18.januar-kjem an på korleis veret elles er.

Det har kome ny snø oppå den gamle snø/is-en , så eg tru ikkje det går an å moke. Eg skulle ikkje ut med bilen i dag, så eg har ikkje prøvt. I dag trudde eg at eg skulle få gjort mykje når eg hadde heile dagen heime. Men slik vart det ikkje. Eg prøvde no å pynte litt, men så får eg ikkje til dette som er elektrisk med batteri etc. Eg gir opp før eg har prøvd-  Det var mykje anna eg kunne ha gjort..... Men eg har nok styr med å fyre i omnen, for det trengst, eg brukar å seie at eg frys frå haust til vår, og det er nesten sant. 

Eg fekk no felt av ein lest og så laga eg skikkeleg middag i dag. Eg sette meg i godstolen men kaffikoppen etter middag og sa til meg sjølv, strengt: No måkje du sovne! Men det gjorde eg og tømde kaffien ned i fanget så eg måtte til å skifte til tørre klede. Det eg har gjort no er å sjå programmet om Sverre Magnus  sin 18 årsdag, eg såg berre litt i går. Det slår meg at dronning Sonja er veldig liten, liten som ei teskeikjerring -ho også, så då er vi i alle fall to.

Eg har noko julepynt som går på batteri og eg får ikkje til å sette i der eg skal, eg er vand til at eg har nokon som kan hjelpe meg, men viss  eg ikkje får det til på annan måte, må eg ringe til "elektrikaren min."

Eg var borti og tenkte at eg kunne bake litt, men så var her så fint og ryddig at eg hadde ikkje lyst å rote det til. Og ikkje kunne eg gå tur, for den høgre hofta er ikkje god. Det eg HAR gjort er å finne fram saker og ting, så det er meir rot enn vanleg rundt omkring i huset.No kom eg på at eg må finne fram adventstaken og kveikje eit lys.

Så tenner vi et lys i kveld

vi tenner det for glede. 

Det står og skinner for seg selv 

og oss som er til stede-

Så tenner vi et lys i kveld 

vi tenner det for glede
 



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. juli

Klokka er no kvart på 6 , temperaturen ute er + 18 grader, Då eg stod opp i dagm, var asfalten våt, men etterpå kom det finare ver. Eg bruka...