søndag, desember 03, 2023

                                                                  Akkurat no

Klokka er no 17.27, temperaturen ute på trappa mi er minus 8 grader C, og det har ikkje kome meir snø sidan sist.Fotspora i den siste snøen er det Lollo som har laga når ho har vore ned og fått mat, men no kjem ho ikkje meir , trur eg, for Marit er komen heim att.
Eg var ikkje heilt bra i høgre foten då eg stod opp i dag, og heilt bra er den ikkje no heller, men eg over-regagerer litt når det er noko som har med hofta å gjere, eg ser for meg hofteoperasjon og opphald på Ørstaheimen etterpå. Heilt bra er eg ikkje, men når eg sit i ro kjenner eg ingen ting, så eg har sete myje i ro og strikka i dag. Innimellom har eg laga ei gulrot-kakebotn. Eg hadde ein frå før, men eg var ikkje heilt nøgd med den-så no har eg to. Det er det einaste eg har bakt så langt. Eg hadde inga god form, den beste stod med ei "gammal" kake i, så den kaka blei tatt opp frå frysaren i dag, og den vart middagen min. Heilt greitt for meg, eg er ikkje så nøye på kva eg et. 
Eg har no drive og fyrt litt i omnen i dag også, men eg synest at varmepumpa virkar godt no. Når eg har fått opp temperaturen, så held pumpa den. Eg sat og strikka og såg TV, "Beat for beat" då kom den 90 år gamle naboen min på besøk.Ja, ho hadde eit ærend, men så vart vi no sittande å prate ei god stund. 
Her var ikkje så i orden med meg i dag, for det ligg diverse julepynt og sleng rundt omkring. Eg må ha hjelp til å få batteri og lys på plass, eg har ikkje tolmodigheit til sånt puslearbeid.
No skal eg sjå om eg finn meg litt skikkelig mat, og så må eg sjå om eg finn att programmet på TV, eg trur ikkje det var heilt slutt då eg slo av. Det er heimedag i morgon også, så kanskje eg får gjort litt"julearbeid " då .

Mykje fin belysning i gata, men her med meg er det ikkje kome opp noko enno, men ved inngangen til kjellerleilegheita er det lyslenke på eine altanstøtta.Så der er det fint.


Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...