onsdag, august 09, 2023

Dagbok 2023: 9.august.


Eg var ute og tok ned bossdunken, då kom der ein katt som eg ikkje har sett før. Det var ikkje Lollo, han hadde litt trøbbel med å forstå at han ikkje skulle inn.

Klokka er no 20.15, temperaturen ute er + 11 grader. Før middag var det stort sett opplett og eg tenkte at eg kunne plukke rips litt seinare- men så kom regnet. På føremiddagen hadde eg tatt fredagsvasken, og eg hadde til og med fått vaska soverommet sidan  det var råd å ha ut golvteppa.

Etter å ha ete eit måltid som eg kalla middag, sette eg meg til å sjå serien min på TV mens eg strikka. Og då gjekk timane fort. I etterkant er eg irritert å meg sjølv som sette meg til slik i staden for å gjrre noko nyttig. Men det er ikkje så mykje nyttig eg kan gjere når regnet ausar ned-ialle fall ikkje ute.

I dag morgon såg vi fjell heilt til topps, og det var godt å vere fri skodda, men no er den komen att.Ikkje godt å vite kva tid eg kan få slå plen igjen.

Men eg ser fram til morgondagen for då får eg besøk frå Hareid og Eid. Men først må eg på trening frå 10- 11.

Det er heilt forferdeleg å sjå kor vatnet fløymer borte i dalane på Austlandet  og ikkje berre der. Her har vi ikkje merka mykje til Hans, Vanleg regn er vi no godt vande med. De har ikkje hendt så mykje i dag, så dette blir er kort innlegg.

 

                          Dronning Elizabeth blømer i regnet

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...