lørdag, april 29, 2023

Dagbok 2023: 29.april.

 

Klokka er no 17.46, temperaturen ute er + 2grader C og det kjem eine snøbya etter den andre-akkurat no er det nesten sol. Eg har nettopp vore ute og gått tur og tatt bilde, men eg får ikkje bilda rett plassert , trur eg. Eg har no gjort berre slik eg brukar å gjere det, så eg får det vel til med tid og stunder.

Rett før eg kom heim, kom det ei voldsom snøbye. Då kom eg på kva mamma brukte å seie: "April snø og mai kulde gjør bondens løer fulle." Dette hadde ho lært av faren sin. Gamle besten Isak kunne så mykje om vêrspådomar, om dei var å lite på er ei anna sak. I den gamle tida då dei ikkje hadde verken radio eller TV, hadde dei mange slike spådomar. Viss dei ikkje slo til, så var det no berre å gløyme, men noko rett var det vel  ut frå erfaringar dei hadde gjort.

I dag stod eg opp tredje gongen eg vakna. Det var no ikkje noko særleg på timeplanen i dag, så eg vart no sittande å strikke mens eg høyrde om alt det vonde som skjer i verda og som vi får høyre om på tV.  Elles så prata eg med fleire på Messenger. 

Eg sette på ei grauta - panne i dag også; når eg ikkje har brukt melk heile veka, så må eg koke graut i helga. Og så skulle eg handle på KIWI. Eg hadde laga meg ei lita liste. Mens eg var på butikken begynte eg å lure på om eg hadde slått av plata som grauten stod på. Eg sette opp farten og kom meg heim på no time. Og ja, der stod grauten på plata, og plata stod på 3, eg brukar å ha den berre på 2. Men ikkje noko gale hadde hendt, ikkje det minste brunt i botnen. Og takk for det! Eg har diverre veldig dårleg hukommelse av og til, så eg må lære meg nokre knep, slik at det ikkje skjer så mykje gale.

Eg fann ei melding frå Solveig på PC-en, ho og Øystein ville komme innover ein liten tur-og det var no kjekt. Solveig ville ha med seg nylaga bollar, så eg skulle ikkje lage til anna enn kaffi, smør og sylte. Og slik vart det. Øystein plagast med ein arm så han kan ikkje ta store utfordringar-i dag var det Solveig som køyrde bilen. Og så hadde ho med seg masse lestegarn, slik at eg skal ha noko å henge fingrane i. Det gjeld berre å ikkje strikke for mykje for då blir det vondt både her og der.

Det vart ei koseleg pratestund i dag, eg set pris på å få vere sosial innimellom. Heldigvis trivest eg godt åleine også.

Etter at dei hadde fare, gjekk eg min( nesten) daglege tur på Vernet. Ein halvtimes tur for dag skal gjere underverk seier dei som forstår seg på det. 

No vert det to fridagar for dei som er yngre, mens eg har 365 fridagar i året. Det er det gode med å vere pensjonist. GOD HELG!


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...