søndag, april 23, 2023

Dagbok 2023: 23.april


 Klokka er no16.37, og temperaturen ute er+8 grader C- Det har regna litt av og til i dag, men no når eg gjekk tur, var det opplett.

Det er ikkje ofte eg seier det, men i dag har det vore ein nokså kjedelig dag. Eg kan ikkje skulde på andre enn meg sjølv, for eg står fritt til å gjere det eg vil. Men i dag hadde eg lite på programmet, så eg vart gåande her og tusle for det meste; eg har TV, men ikkje strikkegarn- så det var litt dumt. Eg kunne ha kjøpt garn i går, men eg tenkte å late venstre tommelfingeren få fred nokre dagar, for han hadde hovna opp-. Eg har passa Lollo , katten til Marit, i heile helga, og ho kjem springande når ho ser meg, men inn vil ho ikkje- berre få mat på trappa. Trur vi har sakna Marit begge to i helga.

Eg laga middag i dag, og det vart steikt ørret slik eg brukar å ha kvar sundag, men i dag syntest eg ikkje den var så god, så eg får kanskje ta ein pause. Etter at eg hadde rydda opp tok eg ein runde på Vernet, det var friskt og godt å komme seg ut. Både bjørka og lerketrea blir litt grønare for kvar dag, men det visest ikkje så godt på bilda. Sat ikkje på alle benkane i dag, men på ein av benkane låg der noko som eg syntest såg ut som ei drone.Der var mange batteri festa til den.Kan det vere nokon som har lagt den frå seg- eller har den landa sjølv?


Eg har ingen spesifikke planar for morgondagen, men blir det inne-vêr får eg vel begynne på nedvasken. Den blir tatt litt meir lettvint for kvart år.

Eg går og ser på hagen her og prøver å fine ut kva eg skal pynte opp med, men eg ventar til MAI månad.


Her om lag var det Rasmus saga ned ei gran sist haust, eg har tenkt å plante ein eller fleire Rhododendron her, men dei var alvorleg dyre sist haust, så eg får sjå på det. Eg har mykje å gjere ute, og inne, så arbeidslaus blir eg ikkje.

I dag fyller svigerinna mi på Eid 78 år. Ho bur i huset i Alleen, og eitt av barnebarna bur i 2.etasje, der som mamma budde ein gong. Bodil er heldig med at så mange i familien bur i gangavstand så ho har sikkert hatt besøk i dag.

Gratulerer med dagen, Bodil!

1 kommentar:

bodilingeborg sa...

Takk for helsing på bursdagen min. Litt spesielt å feire dagen min utan Svein, men fekk besøk av systrene mine, Anne Marie og Elin, eit oldebarn og fleire andre i familien. Det har vore ein kjekk dag. No når det vårast får du ta deg ein tur til Eid. Kanskje det blir ein Ørstatur på meg om ikkje så lenge.
Helsing Bodil

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...