mandag, januar 09, 2023

Dagbok 2023; 9.jannuar



Millionærsvingen
Klokka er no16.22, temperaturen ute er +8 grader-og takk for det! Det var opplett tidlegare i dag, men no trur eg det dryp litt frå himmelen. Alt er greitt berre det ikkje blir for kaldt eller det kjem snø som må mokast.
I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere og då får eg gjort nokså mykje. Eg sette i gang med å sette vekk all julepynten, den blir lagra i kjellaren, men dukar etc.får vere i ei kasse på soverommet. Eg sette også på vaskemaskina, og bytta på senga mi, men fekk ikkje vaska på soverommet i dag.
Eg var også bestenmt på å gå tur i minst ein time og eg tok sikte på Storebakken. Men før eg kom så langt hjelpte eg ei av naboane med å komme seg opp på vegen. Vegen var godt sanda, men dei fleste av oss har litt for mykje is på tunet.Ho var ute og lyfta hunden og vi gjekk i lag opp Storebakken, men så ville ikkje hunden lenger, hansnudde og ville heim. Så gjekk eg i lag med dei og passa på at dama kom seg trygt ned til huset, så gjekk eg oppatt og no fullførte eg. Gjekk nedatt Fonnavegen eit stykke. Det var fint å gå på hovudvegane, der var stort settbert og sanda, på sidevegen someg tok var det litt verre -men eg kom no heim til slutt. Eg vart veldig trøtt i beina i dag også enda eg ikkje hadde piggsko. Det er vel føtene det er noko i vegen med.


                                                                  Fonnavegen

Det vart ein del til overs då vi åt middag i går, så eg måtte ete rester i dag, det er no heilt greitt, men det blir vel fårikål i morgon også. Men fårikål er best etter sju oppvarmingar, heiter det, men eg veit ikkje om nokon har testa det. Dessert hadde eg også, så eg vart nokså mett til slutt. Så var det til for å fyre litt i omnen og kvile i godstolen, før eg sette på TV og fekk all slags trasige og farlege nyhende inn i stova. Det er deprimerande å høyre om alt det vonde som skjer i verda og som vi ikkje kan gjere noko med. Eg kan ikkje hugse at det har vore så mykje styr før om åra og eg hugsar langt tilbake.

No skal eg finne fram spøtet mitt, eg manglar garn, men skal kjøpe meir i morgon for då skal vi nedover på trening.

I dag fyller fetteren min på  Sørumsand 80 år- han var den yngste av oss søskenbarna som vaks opp på Eid-men familien flytta austover i 1954.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...