søndag, januar 08, 2023

Dagbok 2023: 8.januar

 

Klokka er no19.47, temperaturen ute er+ 7 grader og så vidt eg veit er det opplett. Eg har ikkje vore lenger enntil garasjen sidan torsdag, så eg er ikkje så godt oppdatert på veg og føretilhøve som eg skulle ha vore. Men eg ser i alle fall at det har minka med is på tunet og trappa er både is-og snøfri.

I dag venta eg Margrete og Amanda til middag. Eg hadde hamstra noko fårekjøt sist haust, så i dag vart det fårikål, litt uvant rett på denne sida av jul. Eg har funne ut at eg må prøve å bruka det eg har i hus og ikkje hamstre meir. Det har eg funne ut mange gonger før også-men det hjelper visst ikkje. Eg har vore litt sløv i år og ete for mykje i juletida, ikkje minst har eg ete snop, det plar eg ikkje gjere, men eg fekk så mykje godteri til jul at eg kunne ikkje motstå freistingane.

Men det var kjekt å få besøk, Amanda reiser tilbake til Trondheim i morgon så då blir det ei stund til eg ser henne igjen.

I går reparerte Helge oppvaskmaskina og diverse anna. I dag ordna Amanda mobilen min, slik at eg fekk inn att Storytel. Eg har lese bøker på papir no ei stund, gåver frå Øystein.

Solveig kunne ikkje komme denne helga for ho hadde så mykje rettingsarbeid; Margrete har brukt mykje av lærerferien til retting av prøver etc. Eg veit ikkje om alle forstår kor mykje arbeid lærarar gjer heime.

Eg har no sete og sett dagsnytt for første gong i dag, og det er mange triste hendingar.

I morgon må eg rydde heilt vekk julepynten, trur eg , og så må eg mosjonere litt så bukselinningen sluttar å stramme. Tysdag og torsdag er det trening, men det blir ikkje spansk før spansklæraren vår kjem att frå Spania. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 11.mai

Klokka er no 16.48,temperaturen ute er + 16 grader, det er overskya men ikkje nemnverdig dråper frå himmelen. I dag hadde eg tenkt å køyre f...