Klokka er no 17.53, temperaturen på trappa er + 8 grader og eg slepp å fryse. Elles har eg hatt litt av kvart å styre med i dag i tillegg til det vanlege.
Eg fann ut at eg hadde melk som var gått ut på dato, men det var ikkje noko som feilte den eigentleg, så eg sette i gang å koke risgraut av den. Då oppdaga eg at eg hadde ein katong til med H-melk, så eg sette i gang med å bake brød også. Og så var det å vaske opp alt for hand , og rydde etc. Då eg var ferdig sette eg meg inn i godstolen og heldt på å sovna. Då ringde det på døra.
Det var Helge som kom og ville hjelpe meg med tre ting. Han fekk lagt inn appen til bosstømminga på telefonen og så kobla han til Netflix på TV-en. - Og så var det oppvaskmaskina, der gjekk det ikkje så bra, han fekk det ikkje til. Men så var han heimom og henta brillene sine og las nokre instruksar. Og då han kom att fekk han maskina i gang igjen, berre det no varer. No står den på og vaskar på ingenting.
Eg sette også på ein klesvask tidlegare i dag, så den må eg henge opp no. Eg har styrt med noko i heile dag og likevel trur eg det er sundag. I morgon ser eg fram til å få besøk av Margrete og Amanda.. No skal eg koke meg ein kaffikopp og smake på brødet eg laga. Eg har snart ikkje snop igjen, og det er bra, for det er litt farleg å ha godteri i hus. Det smakar så godt til kaffien.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar