lørdag, august 13, 2022

 

Denne blomsten fekk eg av Solveig sist mandag. Den pyntar opp innimellom stillasfjølene. Den er fantastisk fin.

Klokka er no19.33, temperaturen ute er + 17 grader. Det kom litt regn i dag også, og skodda ligg langt ned i fjellsidene, men akkurat no er det opplett.

Eg trudde eg skulle fått klipt plenen i dag også, men det måtte eg berre gløyme. Sist natt verkte eg i foten så eg sov dårleg. Eg hadde ikkje Paracet som eg kunne ta heller. Eg kom meg fort då eg stod opp.  Etter kvart tok eg turen på butikken og kjøpte det eg trudde eg trong. Men då eg kom heim att var der melding frå Margrete om at ho og Amanda og Martin ville komme på besøk. Eg hadde ei gulrotkake i frysen og så slo eg i hop ei vaffelrøre. Eg prøvde å ikkje lage for mykje, slik at eg måtte leve på vaflar i mange dagar.

Etter kvart fekk eg melding om at Erlend og Ingrid også ville kome, så då vart det ikkje for mykje av noko. Margrete hadde  kjøpt med seg noko- men "gløymde" å ta det med seg att. Vi gløymde også det andre ho skulle ha med herifrå. Heile neste veke skal dei ha planlegging på skulen- utan elevar. Så no er ferien over for denne gong. For lærarane.

Charlie, hunden , var også med. Det kan hende at katten til Marit, Lollo, oppdaga det, for ho ville ikkje komme ned då eg ropte på henne. Ho har vore her før i dag og ete frokost.

Det var kjekt for meg å få besøk i dag, sidan Marit og andre naboar er bortreist vart eg litt åleine.

Eg er spent på korleis det går med snikkaren min, eg håper inderlig at han blir bra så han kan fullføre. Det håper han sikkert sjølv også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...