mandag, august 15, 2022

Dagbok 2022: 15.august

 

Dronning Elizabeth er ein "late bloomer," først no blomstrar ho. Ho har kome med to fine roser, men der er mange knoppar.

Klokka er no 17.00 , temperaturen er + 24 grader, det er lettskya og litt sol av og til. Eg var oppe i 6 -tida i dag og då trur eg det regna litt.Eg la meg nedpå eit par timar til.Eg var spent på om det vart såpass vêr at eg kunne klippe plen.

Ein annan ting eg var spent på, var om snikkaren kom, eg hadde ikkje høyrt frå han sidan førre måndag. Då klokka var 9 og han ikkje var komen trudde eg ikkje han kom, men akkurat då var han her og jobba flittig til klokka var 17 ca. Han var ikkje heilt bra men han har no styrt på heile dagen.

Eg fann ut at eg kunne klippe Skråninga utan oppsamlar, for graset var langt. Men først måtte eg kjøpe bensen. Eg gjorde meg klar til å fare ,men då eg såg at det var ein god slump bensin att i kanna, begynte eg helle å klippe. Det gjekk ikkje heilt greitt, for det våte graset kleima seg fast både her og der, så eg måtte stoppe og "gjere reint" fleire gonger. På plenen nedanfor huset slo eg med oppsamlar. Der låg att mykje gras frå laurdag då eg også klipte med oppsamlar der. Det som står att no er plenstykka opp mot gata, ovafor garasjen klipte naboen førre veka. Eg fekk no spylt og gjort rein klipparen i dag, det hadde eg ikkje gjort laurdag. Eg var litt gåen etter jobben, så det vart ikkje gjort meir der og då. Eg gjekk inn og kokte poteter og så hadde eg spekemat, som eg fekk av Margrete, til middag. Rips med fløtemelk og sukker til dessert. 

Eg sette meg i godstolen og fann eit avslappande program på TV, så eg fekk kvilt meg godt ut. Då er stod opp att hadde eg ein klesvask å henge opp m.m. Eg føler på at eg burde ha plukka ripsen som er att på treet og ev, andre bær- men eg er litt utbrukt i dag-det kjem ein dag i morgon også. Då skal vi på trening, men sikkert ikkje så mykje anna.

Den venstrefoten min er litt rar, no når eg har dreive og klipt og styrt på då er han nesten heilt bra. Men så spørs det i morgon.

Eg har foresten begynt på ei ny bok av Karl Ove Knausgaard, "Morgenstjernen" heiter den.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...