Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 15 grader, det er fin sol men kald vind.
Det har vore ein stille dag i dag. Eg stod tidleg opp som vanleg, men kom meg ikkje til med noko særleg fornuftig. Eg såg gudsreneste på TV og den var no bra. Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet, men traff ikkje kjentfolk i dag. Eg kunne hatt lyst å gå lengre turar, men kan ikkje utsette venstrefoten for så mykje, Den er ikkje heilt god. Eg laga meg middag då eg kom heim, det vart siste kyllinglåret i dag.
Etterpå begynte eg på ei ny lydbok som fenga med det samme. Det er krim av Karin Fossum.
Eg la meg ut på solsenga ei stund, men så vart det så varmt at eg måtte nbyte klede, men då var det ikkje så varmt lenger, så då gjekk eg inn. Her har eg sete ei stund og høyrt bok og lagt kabal, men no skal eg lage meg kaffi og kanskje sjå nyheiter.
Eg har ikkje gjort noko i hagen i dag heller- i alle fall ikkje enno. Men i morgon , viss veret framleis er bra, kan eg gjere litt stille arbeid. Tida går fort anten eg styrer med noko, eller ikkje.
Fint i Ørsta i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar