fredag, juli 02, 2021
Dagbok 2021: 28. juni
Johanna og Rasmus hadde nettopp flytta inn i dette huset då Nils vart fødd. No er det Roar, son til Rolf som bur der. Han har pussa opp huset og den gamle løa har blitt garasje.
Fint ver, lette skyer og sol i dag. Det tok si tid før alle var på beina, ingen legg seg tidleg og ingen står tidleg opp. Det er FERIE. Vi hadde ein plan for dagen og det var å reise i Trovågen og sjå oss om og ta bilde. Etter at vi hadde fotografert oss var det nokre som gjekk på fjellet Dyngja, nokre reiste til Nåra for å handle og eg tokk meg ein rusletur på gamle tomter. Eg eig forresten ei hyttetomt i Trovågen, men vi hadde aldri tenkt å bygge der, no er den overgrodd med tre, så kanskje eg skulle ha vore der og veda.Etter å ha sett meg om gjekk eg opp i vegkrysset der TROVÅG-skiltet står og så kom dei andre også. Det er tradisjon å ta bilde attmed skiltet.
Seinare -utpå kvelden var det nokre spom gjekk "fjelltur" i Hjønnevågen. Eg mosjonerte kvar dag vi var der med å gå ein times tid på vegen. Eg ville ikkje gå i ulent terreng, eg er ikkje stø nok på foten til det.
Den yngre garde fiska eller bada kvar dag alt ettersom.
Dette er skulehuset der eg hadde nin aller første lærarjobb. Det er lenge sidan det har vore skule her, og huset har blitt selt til hytte fleire gonger, og er påbygt og ombygt.
På moloen i Trovågen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 18.september
Eg var ut på trappa og tok dette bildet. "Regnfulle dager fremover" stod der på PC-en min. Og eg tviler ikkje . Vi må ta det vi få...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar