onsdag, juni 23, 2021

Dagbok 2021: 23.juni

Klokka er 15.05, temperaturen ute er + 17 grader, men eg synest det er litt kaldt. Det er litt tidleg å skrive blogg, men eg hadde pause no så det passa slik. Får heller føye til noko om det blir aktuelt. Planen for dagen var først og fremst å slå plenane. Det har eg gjort, var ferdig til klokka var 12. Så spylte eg klipparen både vel og lenge, såpass eg var rimeleg våt sjølv også. Eg gjekk inn og sette meg til å sjå TV i dei våte kleda. Det var då eg fekk frosten i meg. Men eg gjekk i dusjen og fekk varmen att + at eg vart rein. Førre veka dreiv eg og handklipte rundt buskar og tre etter at eg hadde klipt plen, og sidan har eg halde på med "handklipp" kvar dag, så eg har på ein måte kome "rundt" , men graset veks heile tida, så eg kunne godt ha tatt ein runde til no-men det gjer eg ikkje. Middagen i dag vart som i går, men litt is og kaffi til dessert. Eg har vore inne på sida mi på Helsenorge og fått printa ut både Koronasertifikat og Frikort. Eg er så glad for at Helge fekk printeren til å virke igjen , for eg treng den eigentleg. Det er alt begynt å bli nokså tørt ute i bedda og elles, så eg vil no vatne godt før eg fer herifrå. Men viss det blir veldig varmt og sol mens eg er vekke, håper eg at nokon frå Hareid kan berge plantane mine. Eg har særleg omsorg for dei to bærbuskane øvst i rekka, ein solbær-og ein blåbærbusk.
Hageslangen ligg ute, der er ein hendel på veggen for av og på, men ein må inn i kjellaren for å opne stoppekranen. (Den må også stengast etter bruk, for den lek.) Eg skal gøyme husnøklane på ein plass som eg skal orientere Solveig om, kan ikkje skrive det her. Så kan de låse dokker innn om det er noko anna også. Kjellerdøra er ikkje så god å låse, men eg prøver. Det er første gong eg reiser frå huset etter at eg vart åleine. Før var det alltid Nils som passa på at alt var i orden. Marit reiser til Oddrun i morgon, men kjem att søndag, så ho har lova å ta inn posten og sette bosset opp til vegen neste onsdag. Ho skal også få vite gøymestaden til nøklane ifall nokon må ta seg inn. Eg har mykje å tenke på når eg skal vekk nokre dagar. Men Margrete tenkjer på alt det andre som angår reisa, eg syter berre for meg sjølv. No skal eg ut og plante rosa som eg fekk av Einar til bursdagen min, og så blir det vel gjort litt anna også, men eg ville ikkje skitne meg ut meir i dag. Skal begynne å vaske klede etter kvart. I morgon skal eg shine huset innvendig og pakke kofferten.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett....