søndag, februar 28, 2021

Dagbok 2021: 28.februar

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 9 grader C, det har vore fint ver, opplett og delvis sol i dag. I dag hadde eg ein plan, eg ville gå ut til Vinjevoll, og så opp Kanalvegen til eg kom til krysset med Vikageila, så nedover Vikegeila(Skålavegen)til eg kom til avkøyrsla til Fonnvernet osv. Det er ein ganske lang tur, men eg var i bra form. Det gjekk ikkje heilt som planlagt, eg gjekk nedover Vallabøen til Håkonsgata, ut forbi Ørstaheimen og til Vinjevoll. Eg fann ikkje nokon veg som gjekk opp til Kanalvegen, så eg forstod at den var lenger ute. Nils og eg var der mange gonger, men vi køyrde med bilen, og då verka det ikkje så langt. Eg fann ut at det vart for langt å gå, så eg gjekk tilbake til Håkonsgata og vidare Vikegeila opp forbi Kornberghuset. Det var ikkje så veldig langt opp til avkøysla til Vernet. Då tok eg ein runde på Vernet også, før eg gjekk heim. Då hadde eg vore ute og gått i nesten to timar, men var ikkje sliten.
På Vernet trefte eg fleire eg kjenner, blant anna ein mann med hund. Eg hadde han som elev ein gong, og så jobba han i lag med Nils. Han har hatt fleire hundar av samme rase, og den han har no hadde vakse kraftig sidan sist eg såg han. Birk heiter hunden, mannen heiter Helge.
Då eg kom heim, ca kl.14, låg der melding frå Audun om at han ville komme ein tur innover og besøke meg. Det var veldig kjekt, men som den husmor eg er tenkte eg straks på kva eg skulle "servere". Då var det berre å slå i hop ei vaffelrøre i full fart. Audun kom som planlagt og vi åt vaflar og drakk kaffi og prata. Eg har ikkje hatt tid til å kjede meg i dag heller. Og no er februar forbi, det er akkurat fire veker til Palmesøndag og påske.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...