Klokka er 22.15, temperaturen ute er+ 14 grader C. Vi vakna til ein strålande dag, med sol frå klår himmel. Men særleg varmt var det ikkje.
Vi Brukte første delen av dagen til å gjere oss klar for å fare til Hareid. Solveig hadde invitert til familietreff og taco. I Ulsteinvik var vi innom biltema der vi mellom anna kjøpte vindus-viskarar til bilane våre. Rasmus hadde sjekka min og funne ut at det var tid for nye, og han sette dei på då vi kom heim. Det går stadig opp for meg at eg treng mykje hjelp frå mennene i familien -og elles.
Då vi kom til Hareid hadde sola varma opp så vi kunne sitte ute. Dei har planta hekkar rundt plenen så vi sit som i eit uterom -uten innsyn.
Tacoen vart servert ute, og det smakte kjempegodt. Etterpå fekk vi dessert-det var Solveig sin heimelaga karamellpudding.
Øystein har laga fleire "turnapparat" som gutane fekk prøve seg på, men etterkvart fekk dei med seg dei vaksne fetterane sine på Monopol.
Vi trekte etter kvart inn i stova, og no var det tid for kaffi og kaker, og saltmat til dei som ville ha.
Eg hadde ikkje vore på Hareid sidan julaftan, og enda lenger er det sidan eg/vi hadde vore i sentrum, så det vart ein liten tur ned for å sjå seg rundt.
Då vi kom til Ørsta igjen var vi ein tur fram på gravplassen. Det var eit litt trasig syn som møtte oss der, blomstrane var delvis visna og det såg ikkje så bra ut. Så no har eg ei oppgåve med å finne noko nytt å plante der.
Eg vil takke Solveig og Øystein m/fam. for ein fin dag. Rasmus-familien reiser i morgon, dei tek på heimveg , men litt usikker på om dei kjem heilt fram på dagen. Heldigvis er ikkje sommaren slutt, og vi håper på mange fine sommardagar framover.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar